Balestrand-Hella-Fjærland
ferjesamband
Balestrand-Hella-Fjærland var eit ferjesamband i Indre Sogn mellom Balestrand og Fjærland i dåverande Balestrand kommune, med stopp på Hella i dåverande Leikanger kommune. Fjærland var den største veglause fjordbygda i dåverande Sogn og Fjordane fylke fram til sambandet opna 15. mai 1974.
Balestrand-Hella-Fjærland | |||
Trasé | Balestrand-Hella-Fjærland | ||
---|---|---|---|
Rutenett | Tidlegare ferjesamband i Indre Sogn | ||
Driftselskap | Fylkesbaatane | ||
Oppretta | 1974 | ||
Tilknytt | /55 Balestrand Hella Riksveg 625 Fjærland | ||
Nedlagd | 1994 | ||
Erstatta av | Bøyaøyri-Sogndal | ||
Kommune | Balestrand, Leikanger | ||
Fylke | Sogn og Fjordane |
I 1986 opna ny Riksveg 625 med Fjærlandstunnelen mellom Fjærland ferjekai og Skei i Jølster, og med dette vart ferjesambandet ein sentral del av den nye heilårlege hovudvegen mellom Indre Sogn og Fjordane i åtte år framover. For i 1994 opna ny veg og tunnelar mellom Bøyaøyri og Sogndalsfjøra som del av nye Riksveg 5, og sambandet vart nedlagd.
Frå 2000 og nokre år framover gjekk det sumarferjer på denne strekninga.
Kjelder
endre- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 83. ISBN 978-82-91722-93-1. Denne samfunnsartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.