Riksveg 5
Riksveg 5 | |||
---|---|---|---|
Strekning | |||
Florø – Håbakken i Lærdal | |||
Informasjon | |||
Lengd | 152,7 | ||
Status | riksveg | ||
Ferjestrekningar | 1 | ||
Tilstøytande vegar | |||
55 |
Riksveg 5 (Rv5) er ein stamveg som går mellom Ytre Sunnfjord og Indre Sogn i Vestland fylke. Vegen (unnateke ferjestrekninga og felles trasé med E39) er 152,7 km lang.
Med utgangspunkt der Europaveg 16 går inn i Lærdalstunnelen, omtrent fem kilometer sørom Lærdalsøyri, går vegen nordvest til Sogndal og Fjærland og derfrå nordover til Jølster og så vestover til Florø.
Historikk
endreRiksveg 5 hadde opphavleg traséen Florø - Eikefjord - Ramsdalsheia - Naustdal - Førde - Moskog - Gaularfjellet - Dragsvik - Hella - Sogndal - Kaupanger. Samstundes i 1986 vart den nye Riksveg 625 mellom Skei og Fjærland opna av tidlegare visepresidenten i USA, Walter F. Mondale.
Fjærland - Lærdal
endreStrekninga mellom Fjærland og Sogndal vart ferdig i 1994 som ny Riksveg 5, og med dette vart òg Riksveg 625 innlema som del av nye Rv5 mellom Førde og Sogndal. Riksveg 13 overtok gamle Rv5 mellom Dragsvik og Moskog, og den tidlegare delstrekninga av Rv13 mellom Dragsvik og Vadheim vart saman med tidlegare Riksveg 5 mellom Hella og Sogndal lagde til som ei forlenging av dåverande Riksveg 55 mellom Lom og Sogndal. I 2010 vart Rv13 mellom Dragsvik og Moskog skild ut som Fylkesveg 13, og i 2019 fekk vegen den nye nemninga fylkesveg 613. Samstundes vart Hella - Sogndal felles trasé for Rv13 og Fv55.[1]
I 1995 vart den nye vegen mellom Kaupanger og Mannheller ferjekai opna, i tillegg til Fodnestunnelen mellom Aspvikane og Lærdalsøyri. Då hadde strekninga Fodnes ferjekai - Aspvikane allereie vore open sidan 1993 som del av forlenginga av Riksveg 53 frå Årdal, og denne vart nå del av Rv5. Vidare med opninga av Lærdalstunnelen i 2000 vart gamle Europaveg 16 mellom Lærdal ferjekai og Håbakken lagt til som ei ny forlenging av riksvegen.
Førde - Florø
endreMellom Førde og Florø opna Naustdalstunnelen i 1995 mellom Jonstad og Svarthumla, og med dette vart gamle Riksveg 5 mellom Jonstad og Nyheim del av dagens Fylkesveg 5691. Vidare vart strekninga mellom Nyheim og Åmotsstølane del av dagens Fylkesveg 5694, og gamlevegen mellom Åmotsstølane over Ramsdalsheia til Svarthumla vart kommunal veg.
Ny veg på strekninga Svarthumle–Brandsøy vart opna 6. juli 2005 etter at det hadde pågått arbeid sidan 1999. Mellom Svarthumle og Brekka har vegen den gamle traséen, bortsett frå ny bru på Storebru. Vidare vestover frå Brekka til Eikefjord er gamlevegen omklassifisert til kommunal veg, og vidare til Kvalvik er gamlevegen del av Fylkesveg 611. Gamlevegen gjennom Hatleset er kommunal veg medan gamlevegen på sørsida av Brandsøy er dagens Fylkesveg 5704.
Fjærland - Førde
endreI 2006 opna ny Riksveg 5 mellom Kjøsnes og Vika utanfor Skei, og gamlevegen står att som tilkomstveg i begge retningar frå Fylkesveg 5690. Grunna fara for ras langsmed Kjøsnesfjorden vart det bygd tunnelar i fleire omgangar. I 2009 opna Støylsnestunnelen (2,7 km) mellom Føreneset og Lunde, og gamlevegen vart stengd for trafikk. I 2022 opna ei forlenging av Støylsnestunnelen til Kjøsnes, og tunnelen fekk det nye namnet Kjøsnestunnelen. Gamlevegen er tilkomstveg for Vikane frå Kjøsnes.
Kommunar og knutepunkt
endre- Endepunkt Fugleskjærsgata, Florø
- → Hurtigruta, bilar kan takast med
- → Rutebåt Florabassenget, einskilde avgangar kan ta med bilar, sjå Skyss
- Kommunal veg → 445 ringveg til Florø lufthamn
- Fv5704 Florø samfunnshus → Firdavegen til Brandsøysundet (5,9 km) (gamle hovudvegen ut av Florø)
- Botnaneset
- Fv5704 Brandsøysundet → Brandsøyvegen til Florø samfunnshus (5,9 km) (gamle hovudvegen til Florø)
- Brandsøy bru (20 m)
- Helgøytunnelen (238 m)
- Sundafjelltunnelen (1883 m)
- Grovanestunnelen (47 m)
- 614 Grov → Magnhildskarvegen gjennom Bremanger kommune til Stårheim
- Hatlesettunnelen (41 m)
- 611 Kvalvik → Hovlandsvegen til Naustdal om Eikefjord og Stavang (60,2 km)
- Hovlandstunnelen (183 m)
- 615 Storebru → Hyevegen til Hyen og Sandane
- Svarthumla → kommunal veg Ramsdalsvegen til Fv5694 Åmotsstølane (gamle Riksveg 5 over Ramsdalsheia)
- Naustdalstunnelen (5970 m)
- Fv5691 Jonstad til Nes (hovudvegen gjennom Naustdalen)
- 611 Naustdal → Fjordavegen til Eikefjord om Stavang
- Bjørnsnestunnelen (288 m)
- Hornnestunnelen (191 m)
- Klettatunnelen (284 m)
- 601 Storehagen til Botnen (hovudvegen gjennom Angedalen)
- Førde → Hafstadvegen til 57 Espeland, 55 Vadheim, og vidare til Bergen og Kristiansand
- → 609 mot Askvoll
- → 57 mot Førde lufthamn, Bringeland
- felles trasé til Skei
- 600 Krohnborg → Krohnborgvegen til Vie og 601 Fv5684 Prestefoss bru
- Fv5682 Sunde → Sundsdalen til Masdal (7,0 km)
- 613 Moskog → Holsavegen til Gaular og 55 Dragsvik
- Fv5690 Vassenden → Nikolai Astrups veg om sørsida av Jølstravatnet til Kjøsnes (22,6 km)
- Fv5688 Ålhus → Ålhusvegen til Indrebø og Skjervane (5,7 km)
- Fv5688 Skjervane → Ålhusvegen til Indrebø og Ålhus (5,7 km)
- E39 Skei → Jølstravegen til 60 Byrkjelo, 615 Sandane, Nordfjordeid, og vidare til Molde og Trondheim
- Fv5690 Kjøsnes → Nikolai Astrups veg om sørsida av Jølstravatnet til Vassenden (22,6 km)
- Kjøsnestunnelen (8600 m)
- Fjærlandstunnelen (6397 m)
- Bøyabreen
- Fv5617 Bøyaøyri → Fjærlandsfjorden til Distad (6,3 km)
- Holmahaugtunnelen (88 m)
- Bergstunnelen (2595 m)
- Berge
- Fjærlandsfjorden
- Frudalstunnelen (6758 m)
- Fv5613 Selseng → Dalavegen til Sogndal (18,9 km)
- Fv5614 Nedrehagen → Avsølevegen til Lerheim (3,6 km)
- Sogndal
- 55 Stedje
- → 55 Stedjevegen til Hella
- → Hella-Vangsnes, Voss og vidare til Stavanger
- → 55 Hella-Dragsvik, Balestrand, Høyanger og Vadheim
- → 55 Stedjevegen til Hella
- 55 felles trasé til Nes
- Fv5613 Sogndal → Dalavegen til Selseng (18,9 km)
- Hovslund → Fjørevegen til Sogndalsfjøra
- 55 Nes → Årøyvegen til 604 Gaupne, Sognefjellet og Lom
- Loftesnesbrua (210,5 m)
- Kjørnes
- Fv5616 Valeberg → Fimreitevegen til Fimreite (15,4 km)
- Sogn folkemuseum
- Bjørk arm til Kaupanger (2,4 km)
- 424 Porsmyri → Haukåsvegen til Sogndal lufthamn, Haukåsen (8,0 km)
- Kaupanger stavkyrkje
- Kaupanger ferjekai
- Amlatunnelen (2969 m)
- Mannheller ferjekai
- Mannheller-Fodnes (15 min., 2 turar/time), sjå Skyss
- Fodnes ferjekai
- 53 Aspevik → Strendene til Årdalstangen, Øvre Årdal og Tyinkrysset
- Fodnestunnelen (6604 m)
- Heller bru (142 m)
- Lærdalsøyri
- Grandavegen
- Naustbrui
- Naustbrui
- Arm til Habben (0,5 km)
- Lærdal ferjekai
- Fv5627 (Aurlandsvegen/Snøvegen) Havnen → Revsnesvegen til E16 50 Fossheim ved Aurlandsvangen i Aurland kommune
- Gamle Lærdalsøyri
- Hauge kyrkje
- 271 Sviggum → Sjukehusvegen til Stødno, Moldasida og E16 Lunde
- E16 Håbakken
Kjelder
endre- ↑ «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022.