Opna hovudmenyen
Bangsia


Gullringtanagar, Bangsia aureocincta Foto: Franscesco Veronesi
Gullringtanagar, Bangsia aureocincta
Foto: Franscesco Veronesi
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Thraupidae
Slekt: Bangsia
Vitskapleg namn
Bangsia
Penard, TE, 1919

Bangsia er ei biologisk slekt av sporvefuglar i tanagarfamilien, Thraupidae. Leveområdet er nær Andes i Ecuador og i Colombia, og i Panama og Costa Rica.

Det er fem eller seks artar i denne slekta avhengig av taksonomisk standpunkt.[note 1]

SkildringEndra

Bangsia-tanagarar har likeins rund eller lubben kroppsbygging med nokså kort hale, og storleik på rundt 15 centimeter i lengd og om lag 35-45 gram i masse. Den einsfarga gulgrøne gursetanagarsporv er noko mindre, ca. 14 cm. Fjørdraktene til dei fem andre artane har fleire farger, grønt, gult blått og svart i varierande mønster. Gullbrysttanagar er ein mørk art med djup mørk marineblå til svart fjørdrakt som har ein eit gult eller orange felt over brøstet og gul undergump. Gullringtanagar og blåkinntanagar har lysare drakt i grønt og blått. Solbuktanagar har mørk blå overside og gul underside. Kjønna hos desse artane har lik eller nesten lik utsjånad, gullringtanagar og solbuktanagar syner marginal kjønnsdimorfisme. Nebbet er kraftig.

Føda er i stor grad frukt med innslag av leddyr.

Leveområdet for desse tanagarane ligg typisk i høgder mellom 250 og 2200 moh. i fuktige habitat langs vestsida av Andes frå nordlegaste Ecuador og nordover i Colombia til sørlege Antioquia-departementet. Solbuktanagar skil seg i utbreiing frå dei andre artane, arten lever i høgder mellom 300 og 1200 moh. i ei stripe vendt mot Karibia langs Panama og Costa Rica. Kvar art har eit lite, lokalt utbreiingsområde.

Arten gullringtanagar er klassifisert som sterkt truga, caldastanagar og gursetanagarsporv som sårbare.

ArtslistaEndra

Bangsia i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Gursetanagarsporv, Bangsia flavovirens, Yellow-green tanager, Lawrence, 1867, (VU)[3][note 1]
  • Solbuktanagar, Bangsia arcaei, Blue-and-gold tanagar, Sclater, PL & Salvin, 1869, (NT)
  • Caldastanagar, Bangsia melanochlamys, Black-and-gold tanagar, Hellmayr, 1910, (VU)
  • Gullbrysttanagar, Bangsia rothschildi, Golden-chested tanagar, von Berlepsch, 1897, (LC)
  • Blåkinntanagar, Bangsia edwardsi, Moss-backed tanagar, Elliot, DG, 1865, (LC)
  • Gullringtanagar, Bangsia aureocincta, Gold-ringed tanagar, Hellmayr, 1910, (EN)

KjelderEndra

  • del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Oppslag på artar i Bangsia, Lynx Edicions, Barcelona. Henta 16. september 2018
Referansar
  1. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 18. august 2018 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
  3. Hilty, S. (2018). Yellow-green Tanager (Bangsia flavovirens)]. In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta 16. september 2018
Notar
  1. 1,0 1,1 Arten gursetanagarsporv, C/B flavovirens, eng: Yellow-green clorospingus/Yellow-green tanager, Lawrence, 1867, er klassifisert som ein amerikasporv i Chlorospingus i EBird/Clements Checklist. I Handbook of the Birds of the World Alive skildra som ein tanagar i slekta Bangsia.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bangsia