Bannock er ein type brød som kan vera flatt eller heva av ulike typar korn. Namnet har opphav i skotsk og nordengelsk dialekt, men har også spreidd seg til nordamerikanske urfolk for ein type steikte brød.

Bannock av byggtypen bere frå Orknøyane
Inuittisk bannock

Ordsoge endre

Ordet «bannock» kjem frå nordengelske og skotske dialektar. Ifølgje Oxford English Dictionary stammar det frå panicium, eit latinsk ord for "bakt deig", eller frå panis, som tyder 'brød'. Den eldste stadfesting er bannuc i tidlege ordforklaringar av forfattaren Aldhelm (d. 709),[1] og den eldste kjende definisjonen er frå 1562. Historisk var det hovudsakleg utbreidd i Irland, Skottland og Nord-England.[2] Den skotske diktaren Robert Burns nemner bannock i sitt Epistle to James Tennant of Glenconner, med referanse til Alexander Tennant.[3]

Mansk bonnag kjem truleg frå same rot som bannock, og blir laga med liknande ingrediensar.[4]

Blant nordamerikanske urfolk blir liknande brød kalla bannock, skaan (eller scone), Indian bread[5] eller frybread.

Historie endre

 
Inuittisk kvinne lagar bannock
 
Cree-bannock i panner

Dei opphavlege bannockane var tunge, flate kaker av bygg eller havre med deigen forma til ei rund eller oval form og så steikt på ei takke (girdle på skotsk). I Skottland før 1800-talet steikte ein bannocks på ein flat, rund sandstein, bannock stane, som ein hadde direkte over elden.[6] Dei fleste moderne bannockar har også bakepulver eller natron som hevemiddel, som gjev dei ein lettare, luftigare tekstur.[7][8][9]

Variantar endre

Bannockvariantar kan ha namn etter ulike eigenskapar, som kva type mjøl dei er laga av, om dei er heva eller ikkje, om dei inneheld særskilde ingrediensar, korleis dei er bakte eller steikte, og namn på rituale eller festivalar dei knytte til. I Nord-England blir bannock ofte laga med paideig.

Bannockbrød er utbreidde blant fleire nordamerikanske urfolk, som inuittar i Canada og Alaska, andre Alaska Natives og First Nations i resten av Canada, urfolk i USA og métisfolk.[5][10][11] Det er omdiskutert om brødet fanst før urfolka hadde kontakt med europearar eller ikkje. Dei laga allereie mat med korn frå mais, røter og sevje.[10] Særleg røter av bjørnestjerne er blitt brukte av ulike urfolksgrupper til å laga mat som bannock.[12] Quamash Bannock er teken med i Ark of Taste.[13]

Kjelder endre

  1. Louis Goossens, The old English glosses of ms. Brussels, Royal Library, 1650 (Aldhelm's De laudibus virginitatis) (Brussels: Paleis der Academien, 1974), 2352.
  2. Simpson, John; Weiner, Edward, red. (1989). Oxford English Dictionary, Second Edition. Clarendon Press. 
  3. Burns, Robert. «Epistle To James Tennant Of Glenconner». The Complete Works of Robert Burns. Robert Burns Country. Henta 19. oktober 2008. 
  4. «Bonnag Recipes». www.isle-of-man.com. Henta 14. september 2017. 
  5. 5,0 5,1 Oswalt, Wendell H. (2001). This Land Was Theirs: A Study of Native Americans. Greenwood Publishing Group. ISBN 978-0-19-517514-1. Henta 18. oktober 2008. 
  6. Feilden, Rosemary (1999). «Bannock Stane at Aberdeen University's Virtual Museum». Aberdeen University. Henta 12. november 2009. [daud lenkje]
  7. «Bannock». Practically Edible: The Web's Biggest Food Encyclopaedia. Arkivert frå originalen 20 November 2008. Henta 18. oktober 2008. 
  8. Ingram, Christine; Jennie Shapter (2003). BREAD: the breads of the world and how to bake them at home. (Originally published as The World Encyclopedia of Bread and Bread Making.) London: Hermes House. s. 54. ISBN 0-681-87922-X. 
  9. Clayton, Bernard Jr. (2003). Bernard Clayton's New Complete Book of Breads. New York: Simon & Schuster. s. 555. ISBN 0-7432-3472-3. 
  10. 10,0 10,1 Michael D. Blackstock. «Bannock Awareness». Government of British Columbia. Arkivert frå originalen 1 December 2008. Henta 18. oktober 2008. 
  11. Barkwell, Lawrence J.; Hourie, Audreen; Acco, Anne; Dorion, Leah (2018). «Traditional Metis foods» (PDF). www.metismuseum.ca. Arkivert frå originalen (PDF) November 21, 2018. Henta 20. april 2020. 
  12. Camas Bulbs, Ark of Taste, Slow Food Foundation for Biodiversity
  13. Quamash Bannock, Ark of Taste, Slow Food Foundation for Biodiversity