Barking i London
Barking er ein by i Stor-London i England. Han ligg i bydelen Barking and Dagenham, ved elva Roding i den austlege delen av Stor-London. Folketalet i Barking og nabobyen Dagenham var i 2001 til saman 163 944.
Barking i London | ||
---|---|---|
Barking Abbey med St Margaret's-kyrkja i bakgrunnen | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Stor-London | |
Distrikt | Barking and Dagenham | |
Geografi | ||
Koordinatar | 51°32′N 0°5′E / 51.533°N 0.083°E | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | IG11 | |
Telefon-retningsnummer | 0 20 | |
Vilhelm Erobraren oppheldt seg noko tid i Barking rett etter erobringa av England i 1066. Han budde i klosteret på staden, Barking Abbey, medan han venta på at Tower of London skulle bli ferdig. Barking Abbey vart grunnlagt i 666 av Erkenwald, som seinare vart biskop av London. Det vart øydelagd av danane omkring 870, og gjenoppbygd omkring eit hundreår seinare av kong Edgar. St. Margarets kyrkje er frå normannisk tid. Kaptein James Cook gifta seg med Elizabeth Batt i denne kyrkja.
Byen oppstod som ein fiskarlandsby. Det er usikkert når dette skjedde, men det var seinast i tudortida. Fiskarane forsynte marknadane i London, og ein del fiska så langt unna som Island. Sam Hewitt (fødd 1802) dreiv Short Blue Fleet, som var den største fiskarflåten i England på den tida, frå Barking.
Ved munningen av Roding, i Barking Creek, ligg eit stort kloakkreinseverk som tar imot kloakken frå ein stor del av London.
Fengselsreformatoren Elizabeth Fry er gravlagd på kvekarkyrkjegarden i Barking.
Kommunikasjon
endreBarking stasjon tener både jernbanen og London Underground.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Barking (England)» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2011.