Barringtonia asiatica
Barringtonia asiatica er ein art i planteslekta Barringtonia som veks i tropiske mangrovehabitat ved kystar og øyar i Indiahavet og det vestlege Stillehavet frå Zanzibar og aust til Taiwan, Filippinane, Fiji, Ny-Caledonia, Solomonøyane, Tuvalu, Cookøyane, Wallis og Futuna og Fransk Polynesia.[1][2]
Barringtonia asiatica | |
Barringtonia asiatica | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Lyngordenen Ericales |
Familie: | Lecythidaceae |
Underfamilie: | Planchonioideae |
Slekt: | Barringtonia |
Art: | B. asiatica |
Vitskapleg namn | |
Barringtonia asiatica |
Det er også kjend som box fruit,[3] fish poison tree,[1][2] og sea poison tree[1] på engelsk og under lokale namn som filippinsk botong og bitoón,[4][5] indonesisk butun og keben malayisk putat og pertun,[1] malayalam nirppazha ('vassfrukt'), tamil samudrapazham ('sjøfrukt')[6] og polynesisk futu, hutu eller avleiingar,[7] noko som er opphavet til namnet på øya Futuna.[8]
Skildring
endreTreet er lite til middels stort, med høgder på mellom 7 og 25 meter. Blada er smale og omvendt eggforma med ei lengd på 20–40 cm og ein breidd på 10–20 cm.
Treet har store, rosa-kvite, duskforma blomar. Dei har ei sterkt søt lukt som lokkar til seg pollinerande møllar og flaggermyser om natta.
Frukta er kjenneteikna av relativt skarpe kantar som gjer ho nokså firkanta og boksaktig i eine enden. Den andre enden som er festa til treet er meir runda. Frukta har ein diameter på 9–11 cm. Eit tjukt, svampaktig og fiberrikt lag dekkjer eit frø med ein diameter på 4–5 cm.[1][9]
Spreiing
endreFrukta blir spreidd på same måte som kokosnøtt, av havstraumar. Ho har svært god flyteevne og er motstandsdyktig mot vatn.[10] Frukta kan overleva i havet i opptil femten år.[3] Planten var ein av dei første til å etablera seg på Anak Krakatau då øya oppstod etter Krakatau-utbrotet.[1] Frøet spirer etter at frukta blir skylt på land og gjennombløytt av regn.
Bruk
endreAlle delane av treet er giftige. Det inneheld mellom anna saponinar. Fruktene er giftige nok til å kunna brukast som fiskegift. Pulver laga av frøa har blitt brukt til å lamma eller drepa fisk,[1] til dømes ved å kvela han medan fiskekjøtet blir verande etande.[11]
Barringtonia asiatica er utbreidd i malaysiske mangrovar og våtmarksområde som Kuching og Bako nasjonalpark. Treet blir dyrka langs gater som skugge- og prydtre i nokre delar av India, særleg på søraustkysten.
Taksonomi
endreTypen for arten blei sanka av botanikaren Pehr Osbeck på ein sandstrand på Java. Han blei seinare skildra og gjeven sitt opphavlege vitskaplege namn, Mammea asiatica, av Carl von Linné i Species Plantarum i 1753.[12]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Ria Tan (2001). «Sea Poison Tree». Mangrove and wetland wildlife at Sungei Buloh Nature Park. Singapore. Arkivert frå originalen 2. desember 2011. Henta 23. august 2016.
- ↑ 2,0 2,1 GRIN (1. oktober 2010). «Barringtonia asiatica information from NPGS/GRIN». Taxonomy for Plants. National Germplasm Resources Laboratory, Beltsville, Maryland: USDA, ARS, National Genetic Resources Program. Henta November 1, 2011.
- ↑ 3,0 3,1 Thiel, M. & Gutow, L. (2004). «The ecology of rafting in the marine environment. I.» (PDF). Oceanography and Marine Biology: An Annual Review 42: 181–263. doi:10.1201/9780203507810.ch6. Arkivert frå originalen (PDF) 24. juli 2011. Accessed 2009-05-31.
- ↑ Census of the Philippine Islands: Taken Under the Direction of the Philippine Commission in the Year 1903, in Four Volumes ... (på engelsk). U.S. Government Printing Office. 1. januar 1905.
- ↑ «Botong, Barringtonia asiatica, FISH POISON TREE, Bin yu rui: Philippine Medicinal Herbs / Alternative Medicine». www.stuartxchange.org. Henta 9. mars 2017.
- ↑ Nizhal Tree Lists (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 28. august 2017, henta 10. desember 2017
- ↑ «Entries for FUTU [AN] Fish-poison tree (Barringtonia asiatica) | Polynesian Lexicon Project Online, entry *futu». pollex.org.nz. Henta 6. juni 2015.
- ↑ Smith, S. Percy. «Futuna, or Horne Island, and Its People». The Journal of the Polynesian Society, Vol. 1, No. 1, s. 33 – 52. 1892
- ↑ Flora of China: Barringtonia asiatica
- ↑ Tsou, C-H.; Mori, S.A. (2002), «Seed coat anatomy and its relationship to seed dispersal in subfamily Lecythidoideae of the Lecythidaceae (The Brazil Nut Family)» (PDF), Botanical Bulletin of Academia Sinica, 43, 37-56, henta 31. mai 2009
- ↑ Thaman, R.R. (1992), «Receptors Batiri kei Baravi: The ethnobotany of the Pacific island coastal plants» (PDF), Atoll Research Bulletin 361, arkivert frå originalen (PDF) 19. september 2009, henta 31. mai 2009
- ↑ Mammea asiatica L. (the basionym to Barringtonia asiatica) was originally described and published in Species Plantarum 1: 512–513. 1753. «Name - Mammea asiatica L.». Tropicos. Saint Louis, Missouri: Missouri Botanical Garden. Henta 1. november 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Barringtonia asiatica» frå Wikipedia på engelsk, den 10. desember 2017.