Basil Risbridger Davidson (9. november 19149. juli 2010) var ein britisk journalist og historikar, særleg kjend for sin studiar av afrikansk historie. Han tok aktivt del i Afrika si frigjering frå kolonialisme og apartheid, både som talar ved møte haldne i studentmiljø og for eksil-krinsar.

Basil Davidson
Statsborgarskap Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 9. november 1914
Bristol Sjå dette på Wikidata
Død

9. juli 2010 (95 år)
London Sjå dette på Wikidata

Yrke journalist, historikar, skribent, sosiolog, Africanist
Medlem av Académie des sciences d'outre-mer
Prisar Militærkrossen, Anisfield-Wolf Book Award, æresdoktor ved Witwatersrand Universitet, storoffiser av Infante Dom Henriks orden, Distinguished Africanist

Liv og gjerning endre

Davidson var fødd i Bristol. Han busette seg etter ei tid i London, der han byrja arbeide i The Economist og deretter var medarbeidar i avisa Star. Mot slutten av 1930-åra reiste han vide i Italia og i Sentral-Europa. Med sin kjennskap til geografien og hans evne til å lære språk vart han hyra inn av britiske styresmakter etter 2. verdskrigen braut ut.

Davidson byrja i desember 1939 i «Secret Intelligence Service». Han vart send til Budapest for å etablere eit nyheitsbyrå, skalkeskjul for ei sabotasjegruppe. Då Nazi-Tyskland invaderte Ungarn i april 1941 flykta han til Beograd i Jugoslavia. Det neste året kjempa han jamsides kommunistiske partisanar på slettene i Vojvodina. Frå hausten 1942 til midårs 1943 leia han ei avdeling i Kairo i Egypt. Tida mellom august 1943 og november 1944 stridde han på ny i Jugoslavia. Frå januar 1945 var han fylgjesoffiser hos partisanar i Liguria i Italia. Her var han med å erobre Genova.

Åra 1945-51 var han korrespondent i Paris for fire engelske aviser. Etter 1951 vart han kjend som ekspert på afrikansk historie. I skriftene sine la han mellom anna vekt på å vise afrikanske bragder og storverk frå førkolonial tid. Elles viste han dei øydeleggande effektane av den atlantiske slavehandelen, og dei vedvarande skadane som europeisk kolonialisme hadde på Afrika, samt dei elendige utslaga av nasjonalstaten i Afrika.

Davidson arbeidde som journalist for Daily Herald (1954-57) og deretter Daily Mirror (1959-62). I dei komande åra byrja han å gje ut bøker. Han skreiv sidan fem romanar og meir enn tretti andre bøker. Mange av desse handla om afrikansk historie, og fleire av dei har vore lærebøker i både Vest- og Aust-Afrika. Han spela ei framskoten rolle i striden for Afrikas frigjering frå kolonialisme og apartheid, og tala på tallause møte samt deltok i ulike komitear.

På 1980-talet konsentrerte Davidson mykje av merksemda om dei meir teoretiske spørsmåla kring framtida til nasjonalstaten i Afrika. I alle år var han ein entusiastisk talsmann for pan-afrikanisme. Vendinga mot frigjeringsregime som undertrykte eigne innbyggarar, han opplevde det på nært hald fyrst i Angola og mange år seinare av og mot folk han kjende i Eritrea, tok han tungt, men ville lite snakke om.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre