Hvalbukta
Hvalbukta (engelsk Bay of Whales) er ei naturleg ishamn føre Rossisen like nord for Roosevelt Island i Antarktis. Ho er det sørlegaste punktet med ope hav ikkje berre i Rosshavet, men i heile verda. Rosshavet strekkjer seg mykje lenger sørover, så langt som til Gold Coast, kring 320 km frå Sørpolen, men dette området er stort sett dekt av Rossisen og ikkje ope hav.
Hvalbukta | |||
Bay of Whales | |||
bukt | |||
Isbrytar ved ishamna i Hvalbukta.
| |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Stad | Ross Dependency | ||
- koordinatar | 78°30′S 164°20′W / 78.500°S 164.333°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Hvalbukta 78°30′00″S 164°19′59″W / 78.5°S 164.333°W | |||
Wikimedia Commons: Bay of Whales |
Oppdaging og namngjeving
endreErnest Shackleton gav bukta namn den 24. januar 1908 under Nimrod-ekspedisjonen, på grunn av dei mange kvalane som vart sett nær bukta.
Historie
endreUnder kappløpet mot Sørpolen, oppretta Roald Amundsen ein mellombels base, som han kalla Framheim, ved Hvalbukta. Basen vart nytta mellom januar 1911–februar 1912.[1]
Hvalbukta har òg vore logistisk base for fleire andre viktige antarktiskekspedisjonar, som:
- 1928–1930: Richard Evelyn Byrd – den første ekspedisjonen
- 1933–1935: Richard Evelyn Byrd – den andre ekspedisjonen
- 1939–1941: Richard Evelyn Byrd – den tredje ekspedisjonen
Hvalbukta skiftar kontinuerleg form. Ei landmåling gjort under den andre Byrd-ekspedisjonen i 1934 fann ut at bukta låg i kryssinga mellom to forskjellige issystem, og rørsla deira er påverka av Roosevelt Island som ligg i nærleiken. Offiseren Glen Jacobsen i USN, som vitja bukta ombord på USS «Atka» i januar 1955, fann ut at kalving frå isbremmen gjorde at ein då ikkje kunne nytte ishamna.
Hvalbukta vart heilt øydelagd i 1987 då eit 159 km langt isfjell braut laus frå Rossisen.[2]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bay of Whales» frå Wikipedia på engelsk, den 27. november 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Whales, Bay of» (innhald frå Geographic Names Information System).