Ghana

(Omdirigert frå Gold Coast)
Republic of Ghana

(norsk: Ghana, ghanesisk)

Det ghanesiske flagget Det ghanesiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Hail the name of Ghana»
Motto Freedom and Justice (Fridom og rettferd)
Geografisk plassering av Ghana
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Accra
Styresett
Republikk
Nana Akufo-Addo
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
238 533 km² (81.)
3,5 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
27 499 924 (48.)
115,3 /km² (73.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Storbritannia
6. mars 1957
Nasjonaldag 6. mars
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
113 300 mill. USD (79.)
4 900 USD (145.)
Valuta Cedi
Tidssone UTC
Telefonkode +233
Toppnivådomene .gh


Ghana er ein stat i Vest-Afrika med grense til Elfenbeinskysten i vest, Burkina Faso i nord, Togo i aust, og med kyst til Guineabukta i sør.[1] Landet er kalla opp etter det mektige Ghanariket. Dette tidlegare riket låg nord og vest for dagens Ghana, men mange etterkomarar av medlemmene i riket bur nå i republikken Ghana.

Ghana er eit fleiretnisk land med ulike lingvistiske og religiøse grupper.[2] Akanfolk er den største folkegruppa, og utgjer majoriteten av folkesetnaden. Dei fleste ghanesarar er kristne (71,3 %); nær ein femdel er muslimar, ein tidel utøver tradisjonelle religionar eller følgjer ingen religion.[3]

Som engelsk koloni hadde området namnet «Gullkysten», eit namn europearane hadde brukt sidan 1400-talet, fordi gull den gong var den viktigaste handelsvara i området. Etter å ha oppnådd sjølvstende vart det nye namnet Ghana, som er henta frå Ghanariket som før kolonitida låg fleire hundre kilometer nordvest for dagens Ghana, nær dagens Mali. Årsaka til namnevalet var at innbyggjarane i dette riket utvandra søraustover, og etterkommarane deira difor var busette i landet.

Geografi

endre
 
Kart over Ghana

Landet ligg nokre få grader nord for ekvator, og har tropisk klima. Mot Guineabukta i sør har det sandstrender som blir kryssa av elver og bekkar. Nord for kysten ligg sletter og krattland som så går over i regnskog med mange skogdekte åsar. Vidare nordover er landet savanne med låge buskar og grassletter.

Ghana er delt inn i ti regionar: Greater Accra Region, Central, Western, Eastern, Ashanti, Volta, Brong-Ahafo, Northern, Upper West og Upper East. Dei fleste av innbyggjarane i Ghana bur langs kysten og i dei to viktigaste byane Accra og Kumasi. Tamale er den tredje største byen, og ligg i Northern Region. Voltasjøen, den største menneskeskapte innsjøen i verda, ligg i store delar av austre Ghana. Sjøen er blitt danna av Akosombodemninga.

Historie

endre

Dei fyrste kongerika til å oppstå i området til dagens Ghana var Dagbonriket i nord og Bonoman i sør. Sistnemnde ekisterte i området på 1000-talet.[4][5] Ashantiriket og andre akanrike i sør oppstod gjennom dei neste hundreåra.[6]

Området blei fyrst kolonisert av Storbritannia som Gold Coast, Gullkysten, og Britisk Togoland. Då desse territoria blei slått saman og fekk sjølvstende i 1957 tok dei namnet Ghana. Det var det fyrste vestafrikanske landet som fekk sjølvstende frå ei europeisk kolonimakt, og det fyrste landet i Afrika etter Sudan.

Etter ei rekkje statskupp blei grunnlova til landet oppheva og politiske parti forbodne i 1981. Ein ny grunnlov og fleirpartipolitikk blei innført i 1992.

Handelspostar

endre

I området der Ghana ligg i dag var det ei rekkje europeiske handelsposter og fort under kolonitida som var involvert i slavehandelen, blant anna danske. Kystområdet gjekk frå slutten av 1400-tallet under namnet Gullkysten i Europa. Området som i dag er Ghana var frå slutten av 1800-talet den engelske kronkolonien Gullkysten (Gold Coast).

Britisk kronkoloni

endre

Ghana blei danna ved at Gullkysten blei sameint med Britisk Togoland og Fante-protektoratet. Frå 1925 fekk lokale folk høve til å ta del i administrasjonen av kolonien. Etter andre verdskrigen blei frigjeringsrørsla kraftigare under leiing av Kwame Nkrumah. Partiet hans vann fleire val i byrjinga av 1950-talet, og han blei statsminister i kolonien under den britiske guvernøren i 1952. Same året søkte parlamentet i landet om lausriving frå Storbritannia, og dette blei innvilga. Ghana fekk sjølvstende 6. mars 1957 og blei den fyrste kolonien i Afrika som oppnådde sjølvstende og det fyrste afrikanske landet som blei medlem av det Samveldet av nasjonar. Ei folkeavstemming i 1956 under oppsyn av SN stadfesta at Britisk Togoland høyrde til Ghana.

Sjølvstende og diktatur

endre

Nkrumah styrte landet med sosialistiske prinsipp og med eit eittpartistyre der berre partiet hans, Convention People's Party, var tillate. Dette og ein mislykka økonomisk politikk leidde til økonomisk krise, høg statsgjeld og uro. I 1966 kom det fyrste av ei rekkje statskupp og militærdiktatur.

Eit nytt kupp i 1972 førte Ignatius Kutu Acheampong til makta.[7] Acheampong-regimet var eit av mange kleptokratiske styre i Afrika som heldt fram med å ruinera landet gjennom 1970-talet. Acheampong blei erstatta av general Akuffo i juli 1978. Året etter tok Armed Forces Revolutionary Council makta under leiing av Jerry John Rawlings. Dei tidlegare diktaturleiarane, blant dei Acheampong og presidenten Fred Akuffo, blei avretta.

I september 1979 blei det halde val som blei vunne av Hilla Limann, medan Rawlings tredde tilbake. Limann førte ein moderat økonomisk politikk og var tilhengjar av panafrikanismen. I 1981 tok Rawlings makta tilbake i eit nytt kupp for å stoppa den nyblomstrande korrupsjonen. Han heldt på makta dei neste 20 åra.

Vegen til demokrati

endre

Rawling sin politikk var forholdsvis liberal, særleg økonomisk. Dette gav landet ei betre utvikling enn nabostatane. Likevel fann det stad brot på menneskerettane, andre parti var forbodne før 1992. Desse tilhøva betra seg etter at den nye demokratiske grunnlova av 1992 blei vedteken. Rawlings vann to presidentval for partiet National Democratic Congress (NDC) i 1992 og 1996. Valobservatørar rekna vala som innanfor det ein kan akseptera som frie val, særleg valet i 1996. Etter to presidentperiodar kunne han ikkje stilla som kandidat på nytt og deltok derfor ikkje i valet i 2000. Valet blei vunne av John Kufuor (New Patriotic Party, NPP) og førte til den fyrste fredelege maktoverleveringa i ghanesisk historie i januar 2001. Kufor blei attvald i 2004. Ved valet i desember 2008 vann John Atta Mills (NDC).

Samfunn

endre

Folkesetnad

endre
 
Kart over Ghana med folketettleik markert.

Ghana er sett saman av fleire små folkegrupper som til saman snakkar over femti ulike språk. Dei viktigaste språkgruppene er akan, der mellom anna fantiane frå kystområda og ashantiane frå litt lenger nord høyrer til, guan, som kjem frå sletteområda rundt Voltaelva, kwaspråka ewe og ga frå sør og søraust i landa, og moshi-dagomba-språka i nord. Som tidlegare britisk koloni er engelsk språket for styring og handel, og det finst fleire ghanesiske forfattarar som skriv på engelsk. Ghanesarane kan som oftast ikkje berre språket som høyrer til der dei bur, men gjerne eit, to eller fleire av dei andre språka i landet. Det mest utbreidde språket er twi. Twi blir brukt i heile landet av omkring 90 % av befolkninga, anten som fyrste eller andre språk. På skulen lærer ungane twi i tillegg til morsmålet. Sjølv om så mange snakkar twi så er det ikkje berre dette som blir brukt når ghanesarar som kan engelsk treffest. Då er det engelsk, som er det offisielle språket i Ghana, som blir mykje brukt. Ghanesarane fører òg samtalar der dei byter frå det eine språket til det andre.

Politikk og administrasjon

endre

Statsoverhovudet er ein vald president som har utøvande styresmakt.

Det ghanesiske parlament har eitt kammer, og er dominert av to parti: New Patriotic Party og National Democratic Congress. Mindre parti er også representerte, men er avhengige av å knyta seg til dei store.

Ghana er medlem av FN, Den afrikanske unionen, Samveldet av nasjonar og ei rekkje andre internasjonale organisasjonar.

Næringsliv

endre

Ghana er rikt på naturressursar, og har ein langt sterkare økonomi enn naboland i Vest-Afrika. Likevel er landet avhengig av økonomisk og teknisk bistand. Hovudeksportvarene i landet er gull og kakao.[8] Tømmer er også eit viktig eksportprodukt.

Landet har ikkje teknologi til å reinsa gullet som blir eksportert fullstendig, noko som fører til at det fører inn mindre utanlandsk valuta enn det kunne. Det er derfor eit viktig mål for politikarane å få bringa slik teknologi til landet.

Privatøkonomien er i stor grad basert på jordbruk. Kring 40 % av bruttonasjonalprodukt kjem frå jordbruket, og 60 % av arbeidsstyrken finst i primærnæringar.

Religion

endre

Kristendommen er den største religionen i landet, med rundt 63 % av folket, og dominerer særleg i sør. Islam er hovudreligionen i nord, og rundt 16 % av ghanesarane høyrer til denne religionen. Dei siste om lag 21 % av folka har ulike stammereligionar. Medlemmer av dei ulike religionane lever saman utan konfliktar.

Islam har røter i Vest-Afrika frå 800-talet, då Ghanariket og deretter Mali- og Songhairika blei påverka av dei muslimske samfunna i Nord-Afrika. Religionen kom til dei nordlege områda av dagens Ghana på 1400-talet.

På om lag same tida kom kristne portugisiske misjonærar til kystområda. Protestantisk misjonsverksemd på 1800-talet førte til at mange ghanesarar i dag er metodistar, presyterianarar eller anglikanarar.

Kultur

endre
 
Kvinne med kenteklede ved Afrochella Festival 2021.

Eit av dei mest markante ghanesiske kulturkjenneteikna er karakteristiske kenteklede. Kenteklede er kjende og verdsette for fargane og symbolikken sin. Kledet er eit av symbola for det ghanesiske høvdingstyret, og blir i hovudsak brukt i område som er dominerte av ashantifolk.

 
Dansar i Ghana i 2015.

Tradisjonell musikk

endre

I motsetnad til vestleg kunstmusikk er ikkje tradisjonell ghanesisk musikk nedskriven, men blir overført gjennom ein sterk munnleg tradisjon. Musikken er rekna som ein del av livet, og kan dermed ikkje skiljast frå det. Det blir også lagt stor vekt på deltaking, slik at tilskodarane ikkje er skilde frå artistane – alle deltek i framføringa av musikken. Melodiane er ofte korte og musikken er repetitiv. Rytme er svært sentralt i tradisjonell ghanesisk musikk, og dansen er tett knytt til musikken. Kvar folkegruppe har sin eigen musikk, og det er tette samband mellom språk og musikk. Ein veks opp med musikk, og musikken kan vera med på å definera ei stadstilknyting.

Populærmusikk

endre

Highlife er den viktigaste moderne musikkforma i Ghana. Røtene til highlife går tilbake til brassband og selskapsband som spelte på 1920-talet, der instrumenta hovudsakleg bestod av afrikanske trommer, munnspel, gitarar og trekkspel. I nyare tid er highlife spesielt assosiert med gitarbaserte band, som speler konsertar, ofte med eit stort sceneshow. Det er spesielt på landsbygda og blant fattige urbane at highlife har gjennomslagskraft. Highlifemusikken har gjennom tidene henta inspirasjonen sin frå jazz, blues, tradisjonell afrikansk musikk og swing. Musikken blir ofte sungen på det lokale språket og baserer seg ofte på lokale melodiar, som musikarane plukkar opp frå gata.

Sjølv om highlife framleis er dominerande som populærmusikk i Ghana, blir det spelt eit vidt spekter av populærmusikk blant ghanesarar. I dagens Accra høyrer ein mest på gospel-highlife, lokal reggae og afrikansk-amerikansk pop, medan gitarbasert highlife har vunne tilbake populariteten sin og framleis er ekstremt populært i rurale delar av Ghana.

Hiplife er ein nyare ghanesisk musikksjanger som er ei blanding av highlife og vestleg hiphop. Synginga eller rappinga er både på engelsk og ghanesiske språk. I staden for instrument baserer innspelinga seg på sampling. Blant ungdommar i urbane strøk har hiplife blitt svært populært. Musikkstilen kom for fullt rundt 1994, og det har etter kvart utvikla seg ulike typar, mellom anna raglife, som er reggaeinspirert. Fleire hevdar at rytmane er grunnen til at hiplife er blitt så populært i Ghana. Hiplife er lett å dansa til, noko som gjer sjangeren godt likt blant unge ghanesarar. Gjennom musikken blir ofte vestleg kultur og levesett framstilt og idyllisert.

Idrett

endre
 
Fotball på stranda i Ghana i 2021.

Sidan frigjeringar har fotball blitt ein av de mest populære idrettane i Ghana. Fleire kjende fotballspelarar, som Michael EssienChelsea FC, Derek BoatengAIK, Freddy AduSL Benfica, Anthony AnnanSchalke 04 og Asamoah Gyan på Sunderland kjem frå Ghana. Andre kjende idrettsutøvarar er brytaren Prince Nana. Nokre andre populære idrettsgreiner er friidrett, basketball og boksing. Nasjonalspelet i landet er brettspelet oware (også kalla awari, adji og awélé).

Verdsarvstader i Ghana

Kjende ghanesarar

endre

Kjelder

endre
  1. Jackson, John G.; Clarke, John Henrik (1994). Introduction to African civilizations. Internet Archive. New York : Carol Pub. Group. ISBN 978-0-8065-0420-9. 
  2. «2020 Population Projection by Sex, 2010–2020». Ghana Statistical Service. Arkivert frå originalen 24. april 2018. Henta 2. mai 2018. 
  3. «2021 PHC General Report Vol 3C, Background Characteristics» (PDF). Ghana Statistical Service. Arkivert frå originalen (PDF) 27. desember 2021. 
  4. Meyerowitz, Eva L. R. (1975). The Early History of the Akan States of Ghana. Red Candle Press. ISBN 9780608390352. 
  5. Danver, Steven L (10 March 2015). Native Peoples of the World: An Encyclopedia of Groups, Cultures and Contemporary Issues. Routledge. s. 25. ISBN 978-1-317-46400-6. Arkivert frå originalen 4. april 2023. Henta 19. mars 2023. 
  6. «Asante Kingdom». Afrika-Studiecentrum, Leiden. 15. juni 2002. Arkivert frå originalen 12. juli 2014. Henta 8. juni 2014. 
  7. ghana.co.uk
  8. «CIA World Factbook». CIA. Arkivert frå originalen 30. august 2020. Henta 13. mai 2008. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Ghana