Bsharri

(Omdirigert frå Becharre)

Bsharri (òg skrive Becharre, Bcharre, Bsharre; arabisk بْشَرِّيْ) er ein by som ligg kring 1500 meter over havet i Kadishadalen nord i Libanon. Han ligg i Bsharri distrikt i Nord guvernement.

Bsharri
بْشَرِّيْ
by
Bsharri frå andre sida av Qadishadalen (mot vest).
Land  Libanon
guvernement Nord guvernement
Distrikt Bsharri distrikt
Høgd 1 500 moh.
Koordinatar 34°15′4″N 36°0′40″E / 34.25111°N 36.01111°E / 34.25111; 36.01111
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Kart
Bsharri
34°15′04″N 36°00′44″E / 34.251201°N 36.012314°E / 34.251201; 36.012314
Wikimedia Commons: Bsharri

Bsharri er den einaste byen som har att Guds seder, libanonsederskog frå antikken. Han er fødestaden til den kjende diktaren, målaren og bilethoggaren Khalil Gibran som har eit museum i byen.

Historie endre

Namnet «Bsharri» (بشرّي) finst i fønikiske språk og tyder «Huset Ishtar»,[1] Ishtar var ei gudinne som fønikarane dyrka før kristendomen kom til området.

 
Ei av kyrkjene i Bsharri.

Bsharri var ein fønikisk busetnad i antikken. Maronittiske kristne som flykta forfølgjing søkte tilflut i fjellområda på 600-talet. Kadishadalen, nedanfor byen, vart eit andeleg senter for den maronittiske kyrkja. Byen vart kalla Buissera av krossfararane.

 
Snø i Bsharri.

I motsetnad til andre delar av Libanon, var arameisk talespråk i Bsharri til godt inn på 1800-talet. Innbyggjarane i Bsharri har derfor ein særeigen aksent når dei snakkar arabisk.[treng kjelde]

Under den libanesiske borgarkrigen (1975–1990) var Bsharri ein bastion for kristne mot dei første palestinarane og syrarane. Mange av dei unge i byen vart med i Falangistpartiet i starten av borgarkrigen. I 1986 vart Samir Geagea frå Bsharri leiaren for dei kristne libanesiske styrkane (LF). Mange LF-militante kom frå byen under borgarkrigen.

Geografi endre

Klima endre

Bsharri har eit kontinentalt middelhavsklima (Csb/Dsb etter Köppen si klimaklassifisering), med tørre og milde somrar og kalde, snørike vintrar. Temperaturen om sommaren kan gå over 30 °C nokre få gonger i året. Om vinteren kan temperaturen falle til -15 °C. Kraftig snøfall skjer kvart år og snødjupner på over to meter kan oppstå.

Vêrdata for Bsharri
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 4 4 6 11 16 20 22 23 20 16 11 7 13
Døgnmiddeltemperatur °C 0 0 2 7 11,5 15 17 17,5 15 11,5 7 3,5 8,9
Gjennomsnittleg min °C −4 −4 −2 3 7 10 12 12 10 7 3 0 5
Gjennomsnittleg nedbør mm 221 166 127 61 31 4 0 0 6 39 97 172 924
Kjelde: climatetemp

[2]


Galleri endre

Kjelder endre

  1. Journée Antonine, arkivert frå originalen 28. oktober 2008, henta 6. september 2014 
  2. «Climate Historie for Bsharri,Libanon». Henta 7. september 2014. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bsharri