Base Presidente Eduardo Frei Montalva
Base Presidente Eduardo Frei Montalva er den viktigaste antarktisbasen til Chile. Han ligg på Fildes Peninsula, eit isfritt område, ved Fildes Bay (Maxwell Bay), vest på King George Island i Sør-Shetlandsøyane. Han ligg like ved Escudero-stasjonen og berre 200 meter frå den russiske Bellingshausen-stasjonen, 10 meter over havet. Basen ligg i den chilenske kommunen Antártica, som er Antarktis-området som Chile har gjort krav på[1] (Chilensk Antarktis, Magallanes y la Antártica Chilena-regionen).
Base Presidente Eduardo Frei Montalva | |||
stasjon | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | King George Island i Sør-Shetlandsøyane | ||
- koordinatar | 62°12′0″S 58°57′51″W / 62.20000°S 58.96417°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Base Presidente Eduardo Frei Montalva 62°12′01″S 58°57′45″W / 62.200232°S 58.962627°W | |||
Wikimedia Commons: Eduardo Frei Montalva Station |
I nærleiken ligg òg basane Great Wall (Kina), General Artigas-stasjonen (Uruguay), King Sejong-stasjonen (Sør-Korea), Jubany (Argentina), Commandante Ferraz (Brasil), Henryk Arctowski (Polen) og Machu Picchu-basen (Peru). Lenger borte ligg Arturo Prat-basen, òg chilensk, 50 km i vest.
Skildring
endreBasen har ei 1300 meter lang flystripe (Teniente Rodolfo Marsh Martin Aerodrome, ICAO-kode SCRM,[2] med 50 interkontinentale og 150 flyturar innan Antarktis kvar sesong, og tener mange av basane i området. Her ligg òg bustadområdet Villa Las Estrellas med sjukehus, ein skule, ein bank, ein liten butikk og meir. Om sommaren er det opp til 150 menneske her, og om vinteren kring 80.[3]
Basen kom i drift i 1969 som Centro Meteorológico Eduardo Frei. Då installasjonane vart utvida fekk han namnet Base Teniente Rodolfo Marsh, medan vêrsenteret heldt det originale namnet. I løpet av 1990-åra fekk heile basen kalla Base Presidente Eduardo Frei Montalva, medan flystripa heldt namnet Teniente Rodolfo Marsh.[4]
Klima
endreOmrådet har eit tundraklima. Middeltemperaturen i juli er -6,3 °C; i januar 1,4°C, medan årsmiddeltemperaturen er -2,4°C. Årsmiddelnedbøren er 405 mm. Den våtaste månaden er mars med 62,5 mm og den tørraste er juli med 18,2 mm.[5]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Base Presidente Eduardo Frei Montalva» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Antarktis, arkivert frå originalen 6. mars 2004, henta 6. mars 2004
- ↑ Great Circle Mapper. «SCRM - Airport». Gc.kls2.com. Henta 15. mars 2014.
- ↑ (spansk) Expedicion Antartica Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.
- ↑ Chilensk «EDUARDO FREI» Antarktis Base
- ↑ Presidente Eduardo Frei Montalva - permanent station of Chile in Antarctic - Sunrise, sunset, dawn and dusk times for the whole year - Gaisma
Bakgrunnsstoff
endre- Official website Det chilenske antarktiske instituttet Arkivert 2011-02-21 ved Wayback Machine.
- (spansk) Webkamera frå Tenente Martin-flyplassen Arkivert 2011-05-28 ved Wayback Machine.