Spanish Harlem
Singel av Ben E. King
B-side

«First Taste of Love»

Utgjeve Desember 1960
Sjanger Soul
Lengd 2:53
Selskap Atco Records
Låtskrivar(ar) Jerry Leiber, Phil Spector
Produsent Jerry Leiber og Mike Stoller
Ben E. King-kronologi 
«How Often»
(1960)
Spanish Harlem «Stand By Me»
(1961)


«Spanish Harlem» er ein song gjeven ut av Ben E. King i 1960 på Atco Records, skriven av Jerry Leiber og Phil Spector, og produsert av Jerry Leiber og Mike Stoller. I eit intervju frå 1968 sa Leiber at Stoller hadde laga arrangementet.[1] I sjølvbiografien til duoen, Hound Dog, sa Stoller sjølv at han hadde skapt det vesle temaet som går igjennom heile songen på piano då songen vart presentert for Ahmet Ertegun og Jerry Wexler ved Atlantic Records, med Spector på gitar og Jerry Leiber på vokal. «Sidan då har eg aldri høyrt songen utan det temaet. Eg rekna at bidraget mitt var starten til at songen vart skriven, men eg visste òg at Phil ikkje ønskte å dele låtskrivartilvisinga med andre enn Jerry, så eg sa ikkje noko».

Songen vart den første hitten til King utanfor The Drifters, ei gruppe han hadde leia i fleire år. Med eit arrangement av Stan Applebaum med spansk gitar, marimba og trommerytmar, klatra han på Billboard-lista og nådde etter kvart 15. plass på R&B-lista og 10. plass på poplista.[2] Han vart sidan rangert på 358. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene (349. plass i 2004). King-versjonen vart ikkje ein hitt i Storbritannia, men i staden vart det den andre sida, «First Taste of Love» som vart spelt på Radio Luxembourg, og nådde 27. plass på den britiske singellista.[3] I 1987, etter at Stand By Me nådde førsteplassen, vart songen gjeve ut på nytt og nådde då 92. plass.[3]

Andre versjonar

endre

Jay and the Americans gav ut ein versjon av songen på albumet deira She Cried i 1962.

Andy Williams gav ut ein versjon i 1970 på albumet hans, The Andy Williams Show.

Aretha Franklin spelte inn ein versjon av songen sommaren 1971 som gjorde det betre enn originalen på listene med ein førsteplass på R&B og andreplass på pop-lista.[4] Aretha Franklin-versjonen selde til gullplate for ein million eksemplar. Dr. John spelte klaverinstrument på Franklin-versjonen. Versjonen nådde sjetteplassen på Easy listening-lista. Franklin endra òg teksten noko, frå «A red rose up in Spanish Harlem» til «There's a rose in Black 'n Spanish Harlem. A rose in Black 'n Spanish Harlem».

Songen vart framført live av Bruce Springsteen and The E Street Band i 1974 med Suki Lahav på fiolin. Berre tre innspelingar er kjende frå desse konsertversjonane.

Laura Nyro spelte «Spanish Harlem» på konserten hennar i Fillmore East, og denne vart gjeven ut i 2004 av Spread Your Wings And Fly: Live at the Fillmore East May 30, 1971. Den 17. november 1971 gav Nyro ut studioversjonen på albumet Gonna Take a Miracle. Ho skifta kjønn i teksten på songen og song «I’m goin’ to pick that rose and watch him as he grows in my garden».

Songen vart spelt av The Mamas & the Papas i 1966, Slim Smith i 1968, Kenny Rankin i 2002, i tillegg til Willy DeVille, Leon Russell, The Cats, Geoff Love, Percy Faith, Janet Seidel, Chet Atkins, Rebecca Pidgeon, Neil Diamond, Bowling for Soup, Tom Jones, Herb Alpert's Tijuana Brass (Volume 2), Jimmy Justice og Billy Joe Royal.[5]

Led Zeppelin spelte songen på konsertane sine som ein del av «Dazed and Confused». Eit døme finst på piratkopien Get Back to L.A. frå konserten deira i Los Angeles 25. mars 1975.

Trini Lopez spelte inn ein versjon på spansk «Aquella Rosa» på plata The Second Latin Album, gjeven ut på Reprise Records (6215).

Cliff Richard gav ut ein versjon på albumet 32 Minutes and 17 Seconds i 1962. Han spelte ?og inn ein tyskspråkleg versjon kalla «Das ist die Frage aller Fragen», med tekst av Carl Ulrich Blecher, og denne nådde førsteplassen på singellistene i Tyskland og Austerrike i 1963.

Ein makedonsk versjon, «Spanski Noki», med tekst av Gjoko Georgiev og ein ny tekst av Milan Kotlic, vart spelt inn av Nina Spirova i 1970-åra. Det finst òg versjonar fransk, svensk og finsk.

Spector sjølv spelte inn ein versjon av songen, som finst på albumet Wall of Sound Retrospective frå 2006.

Det er spelt inn over 150 innspelingar av songen.

Songen vert omtalt i 1972 i Elton John-songen, «Mona Lisas and Mad Hatters» på albumet Honky Château. Teksten, skriven av Bernie Taupin, starta med «And now I know, Spanish Harlem are not just pretty words to say ... now I know that rose trees never grow in New York City.» Songaren seier at songen «Spanish Harlem» hadde gjeve han eit romantisert bilete av byen, men no når han har sett byen sjølv, omtalar han byen som «trash-can dream come true». Rob Thomas sa i eit intervju at Elton John-songen inspirerte til linja «my Spanish Harlem Mona Lisa» i Santana-songen «Smooth» frå 1999, som Thomas skreiv og song.

Songen vart nytta i revyen «Smokey Joe's Cafe».

Kjelder

endre
  1. Gilliland, John (1969). «Show 14 - Big Rock Candy Mountain: Rock 'n' roll in the late fifties. [Part 4] : UNT Digital Library» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. Henta 8. september 2013. 
  2. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 325. 
  3. 3,0 3,1 «The Official Charts Company - Spanish Harlem (song)». The Official Charts Company. 3 May 2013. 
  4. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 215. 
  5. Billy Joe Royal, «Spanish Harlem» Henta 10. september 2013.