Save the Last Dance for Me

song
Save the Last Dance for Me
Singel av The Drifters
frå albumet Save the Last Dance for Me
B-side

«Nobody But Me»

Språk engelsk
Utgjeve August 1960
Innspelt 1958–1960
Sjanger R&B, pop
Lengd 2:34
Selskap Atlantic
Komponist Mort Shuman, Doc Pomus
Tekstforfattar Doc Pomus, Mort Shuman
Låtskrivar(ar) Doc Pomus, Mort Shuman
Produsent Jerry Leiber, Mike Stoller
The Drifters-kronologi 
«Lonely Winds»
(1960)
Save the Last Dance for Me «I Count the Tears»
(1960)


«Save the Last Dance for Me» er ein song skriven av Doc Pomus og Mort Shuman, først spelt inn i 1960 av Ben E. King og The Drifters.

The Drifters-versjonen endre

The Drifters sin versjon av songen låg tre veker på toppen av den amerikanske poplista, i tillegg til ei veke på toppen av den amerikanske R&B-lista.[1] I Storbritannia nådde singelen andreplassen i desember 1960.[2] Denne versjonen var produsert av Jerry Leiber og Mike Stoller, to kjende amerikanske plateprodusentar som på den tida hadde med seg den då ukjende Phil Spector i lære. Sjølv om han arbeidde med Leiber og Stoller på den tida, er det ukjend om Spector var med på produksjonen av denne innspelinga, men fans av Spector har merka seg likskapar mellom denne innspelinga og anna musikk han sidan produserte på eiga hand.[3] Damita Jo hadde ein hit med ein av dei svarsongane på denne tida kalla «I'll Save The Last Dance For You».

I songen fortel forteljaren til kjærasten sin at ho er fri til å mingle og snakke med kven som helst gjennom kvelden, men den siste dansen må ho danse med han.[4] Under eit intervju på Elvis Costello-showet Spectacle, sa Lou Reed, som arbeidde med Pomus, at songen var skriven på bryllupsdagen til Pomus medan han sat i rullestol og såg brura si danse med gjestene. Pomus hadde polio og brukte stundom krykkjer for å kome seg rundt.[5] Musikarar på Drifters-innspelinga var Bucky Pizzarelli, Allen Hanlon (gitar), Lloyd Trotman (bass) og Gary Chester (trommer).

Emmylou Harris-versjonen endre

Emmylou Harris spelte inn songen i ein country/bluegrass-stil i 1979 og gav han ut på Blue Kentucky Girl. Han vart òg gjeven ut på singel, og versjonen hennar nådde topp 10 på countrylista i USA det året.

Dolly Parton-versjonen endre

Save the Last Dance for Me
Singel av Dolly Parton
frå albumet The Great Pretender
B-side

«Elusive Butterfly»

Språk engelsk
Utgjeve Desember 1983
Innspelt November 1983
Sjanger Country
Selskap RCA Nashville
Komponist Mort Shuman, Doc Pomus
Tekstforfattar Doc Pomus, Mort Shuman
Produsent Val Garay
Dolly Parton-kronologi 
«Islands in the Stream»
(1983)
Save the Last Dance for Me «Downtown»
(1984)


Seint i 1983 spelte Dolly Parton inn «Save the Last Dance for Me» og gav han ut som singel seint i desember det året. Songen kom sidan ut på albumet hennar med versjonar av 50- og 60-talssongar, The Great Pretender, som kom ut i januar 1984. Songen nådde topp 10 på countrylista i USA seint i februar og 45. plassen på Billboard Hot 100 i USA

Lister endre

Liste (1983-1984) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 3
U.S. Billboard Hot 100 45
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 12
Canadian RPM Country Tracks 2


Michael Bublé-versjonen endre

Save the Last Dance for Me
Singel av Michael Bublé
frå albumet It's Time
Språk engelsk
Utgjeve 4. april 2006
Innspelt 2005
Sjanger Pop
Lengd 3:38
Selskap 143, Reprise
Komponist Mort Shuman, Doc Pomus
Tekstforfattar Doc Pomus, Mort Shuman
Michael Bublé-kronologi 
«Home»
(2005)
Save the Last Dance for Me «Just in Time»
(2006)


«Save The Last Dance For Me» was seinare spelt inn av den kanadiske smørsongaren Michael Bublé, og gjeven ut som den tredje og siste singelen frå studioalbumet It's Time. Songen vart kraftig remiksa på singelutgåva.

Innhald endre

  • CD / DVD-singel[6]
  1. «Save The Last Dance For Me» (Album Version) – 3:38
  2. «Save The Last Dance For Me» (Starcity Remix) – 3:20
  3. «Save The Last Dance For Me» (Live Version – Video) – 4:14
  4. «Save The Last Dance For Me» (Music Video) – 3:42
  • Digital download[7]
  1. «Save The Last Dance For Me» (Album Version) – 3:38
  2. «Save The Last Dance For Me» (Ralphi's Anthomic Vocal) – 9:36
  3. «Save The Last Dance For Me» (Eddie's Anthem Mix) – 9:53
  4. «Save The Last Dance For Me» (Ralphi's Hydrolic Dub) – 8:29

Lister endre

Liste (2006) Plassering
Billboard Hot 100 99
Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 5


Andre versjonar endre

  • Den svenske gruppa the Spotnicks spelte ein instrumental versjon av songen kalla «Valentina» i 1964 på albumet The Spotnicks in Spain.
  • Billy Joe Royal gav ut ein versjon av songen i 1967 på albumet Billy Joe Royal Featuring Hush.[9]
  • I 1969 spelte John Rowles ein versjon arrangert og dirigert av den britiske arrangøren og bandleiaren Johnny Arthey, gjeven ut på singel av MCA-UK året etter.[10]
  • The Walkmen spelte ein versjon av Pussy Cats som inkluderte «Save the Last Dance for Me». I 1974 hadde den kanadiske gruppa the DeFranco Family ein versjon av songen på 18. plassen på poplista i USA, sungen av den då 14 år gamle Tony DeFranco.[11]
  • Patti LaBelle spelte ein discoaktig versjon av songen på albumet Tasty i 1978.
  • I 1978 spelte country-songaren Ron Shaw ein versjon av songen på Pacific Challenger Records. Denne versjonen nådde topp 40 på den amerikanske countrylista.
  • Songen vart spelt av Mud i 1982. I 1983 inkluderte Herbie Armstrong ein stemningsfull versjon av songen på soloalbumet 'Back against the wall'. Mort Shuman sjølv likte denne versjonen og var sikker på at versjonen ville bli ein hit. Dessverre gjekk distribusjonsselskapet konkurs og berre få kopiar av singelen vart distribuert.
  • Songen vart omsett til fransk av André Salvet og François Llenas og spelt inn av mellom andre Petula Clark, Dalida og Mort Shuman sjølv.[12]
  • Geno Delafose spelte inn songen som ein zydeco på albumet LaChason Perdu i 1998 for Rounder Records. Bruce Willis gav seinare ut ein versjon som finst på albumet If It Don't Kill You, It Just Makes You Stronger i 1989.
  • An Intimate Evening With Anne Murray er eit konsertalbum med den kanadiske songaren Anne Murray, spelt inn 18. desember 1986 for MTV, og gjeven ut i 1997.
  • I 2000 spelte det japanske bandet The Neatbeats inn songen for albumet Everybody Need![13]
  • Den irske songaren Daniel O'Donnell spelte inn songen i 2003 på albumet Daniel in Blue Jeans. I 2000-åra spelte den britiske musikaren og tidlegare Fox-medlemmen, Herbie Armstrong, ein langsamare, mollstemt versjon av songen og gav han ut som singel frå albumet Last Dance.[14]
  • I 2003 spelte the Troggs inn ein versjon av songen på eit album med nyinnspelte songar, kalla «Wild Thing».
  • I 2010 spelte Jerry Lawson and Talk of the Town songen under den andre sesongen av the Sing Off.
  • I 2012 spelte Leonard Cohen songen på Old Ideas-turneen sin. Eit konsertopptak kom ut i 2014 på Live in Dublin.
  • I 2010 framførte Matchbox 20-songaren Rob Thomas ein akustisk konsertversjon av songen under Rock and Roll Hall of Fame-seremonien.
  • I 2012 spelte the Bally Ramblers inn songen for debutalbumet sitt.
  • I 2012 spelte den amerikanske komponisten og produsenten Kramer inn songen og tok han med på det sjette albumet sitt, The Brill Building.[15]
  • Songen vart omsett til norsk som «Spar den siste dansen til meg» og spelt inn av Lillian Askeland.

Kulturelle referansar endre

  • I 1960 spelte Damita Jo inn ein «svarsong» til «Save the Last Dance for Me». Songen hennar heitte «I'll Save the Last Dance for You», og bygde på den originale melodien, og er dermed tilskriven Shuman og Pomus. Denne versjonen nådde 22. plassen på Billboard Hot 100-lista i desember 1960.[16]
  • Songen er rangert på 182. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Kjelder endre

  1. Whitburn, Joel (1996). The Billboard Book of Top 40 Hits, 6th Edition (Billboard Publications)
  2. Drifters UK Singles chart data at chartstats.com
  3. Bronson, Fred (2003). The Billboard Book of #1 Hits, 5th Edition (Billboard Publications)
  4. Gilliland, John (1969). «Show 20 – Forty Miles of Bad Road: Early '60s potpourri» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 
  5. «Save the Last Dance for Me – By Kathryn Jean Lopez – The Corner – National Review Online». Nationalreview.com. 6. juli 2007. 
  6. «Michael Buble Save The Last Dance For Me RARE promo CD DVD 05». eBay. Henta 9. januar 2015. 
  7. «Save The Last Dance For Me EP: Michael Bublé: Amazon.de: MP3-Downloads». Amazon.de. 1. januar 1970. 
  8. Buck Owens, «Save the Last Dance for Me» Chart Position Retrieved April 11, 2012.
  9. Billy Joe Royal, Billy Joe Royal Featuring Hush Retrieved September 22, 2012.
  10. «John Rowles– Save The Last Dance For Me / What's On Your Mind». Discogs. Henta 9. januar 2015. 
  11. DeFranco Hot 100 chart data at billboard.com
  12. «Home – Lyrics». Paroles.abazada.com. Arkivert frå originalen 28. januar 2015. Henta 15. september 2013. 
  13. «the NEATBEATS Official Website». Neatbeats.net. 27. juli 2000. Henta 9. januar 2015. 
  14. Herbie Armstrong website store
  15. «Kramer: The Brill Building > Review». Allmusic. Henta July 17, 2015. 
  16. Damita Jo Hot 100 chart data at billboard.com

Bakgrunnsstoff endre