Opna hovudmenyen

Benoît B. Mandelbrot (20. november 192414. oktober 2010) var ein polskfødd fransk-amerikansk matematikar. Han er mest kjend for det banebrytande arbeide innan fraktalgeometri der han fann den såkalla mandelbrotmengda. Mengda kom fram ved iterasjonar av eit komplekst andregradsuttrykk på ein datamaskin, der resultata av iterasjonane vart uttrykt grafisk. Det var Mandelbrot som gav denne typen matematiske mengder namnet fraktalar. Teorien om fraktalar vart framsett i boka The Fractal Geometry of Nature i 1987, og har sidan vist seg nyttig innanfor mange vitskapar som astrofysikk til økonomi.

Benoît Mandelbrot
Benoit Mandelbrot mg 1804-d.jpg
Mandelbrot i 2007
Fødd20. november 1924
Warszawa i Polen
Død14. oktober 2010 (85 år)
Cambridge i Massachusetts i USA
BustadFrankrike; USA
StatsborgarskapFransk, amerikansk
NasjonalitetPolen, Frankrike, USA
Områdefraktal
Yrkematematikar, samfunnsøkonom, professor, forskar, skribent, informatikar, ingeniør
InstitusjonarIBM
Yale University
Institute for Advanced Study
Universitet Lille Frankrike
Centre national de la recherche scientifique
Alma materLycée du Parc
École Polytechnique
California Institute of Technology
Universitetet i Paris
DoktorgradsrettleiarPaul Lévy
DoktorgradsstudentarF. Kenton Musgrave
Eugene F. Fama
blant fleire
MedlemCollège de ’Pataphysique
National Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
American Association for the Advancement of Science

Mandelbrot studerte i Paris og Pasadena i California frå 1945 til 1952 og forska ved Institute for Advanded Study i Princeton, mellom andre saman med John von Neumann. Frå 1958 til 1993 var han tilsett ved forskingssenteret til IBM i New York. Frå 1987 underviste han ved Yale University og vart professor der i 1999.

I 1993 vart han tildelt Wolfprisen i fysikk. Mandelbrot var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi og frå 1987 medlem av National Academy of Sciences.

Ei grafisk framstilling av ein bit av den uendelege mandelbrotmengda

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra