Bequia er den største øya av Grenadinane i Windwardøyane i Dei små Antillane i Karibia. Ho er ein del av Saint Vincent og Grenadinane. Arealet er 18 km².[1]

Bequia
øy
Port Elizabeth (2005)
Land  Saint Vincent og Grenadinane
Del av Grenadinane
Høgd 268m m
Areal 18 km²
Folketal 4 946  (2012)
Folketettleik 309,13 innb. / km²
Kart
Bequia
13°00′54″N 61°13′48″W / 13.015°N 61.23°W / 13.015; -61.23
Wikimedia Commons: Bequia

Geografi endre

Bequia er den nordlegaste øya i den karibiske øygruppa Grenadinane. I aust har ho kyst mot Atlanterhavet og i vest mot Det karibiske havet.

Øya strekker seg i nordaust/sørvestleg retning. Ho har nokre få nes og bukter, mellom anna Admiralty Bay, som husar hovudstaden og den einaste større busetnaden på øya, Port-Elizabeth. Den nordlege delen av øya er mindre tett folkesett, meir ulendt og husar eit marint reservat for skjelpadder. Sør for Bequia ligg dei små øyane Petit Nevis, Isle à Quatre og Pigeon Island. Flyplassen på øya ligg heilt i sør, ikkje langt frå kvalmuseet.

Øya har eit behageleg tropisk klima, men kan vera utsett for syklonar.

Bequia har ein flyplass med IATA-koden BQU.

Historie endre

Dei fyrste innbyggarane på Bequia var arawakfolk som vart følgde av karibane. Mangelen på ferskvatn gjorde at det tok tid før europearar slo seg ned på øya.[2] I 1763 avstod Frankrike Bequia til Storbritannia ved freden i Paris. Deretter vart det etablert plantasjar for dyrking av sukkerrøyr. Plantasjane vart drivne av slavar. I 1827 fanst det ni plantasjar og 1 257 slavar på øya. Bequia Town, seinare kalla «Port Elizabeth», utvikla seg til den viktigaste tettstaden. Som følgje av frigjevinga av slavane i 1838 gjekk det nedover med sukkerproduksjonen. Sjølvbergingsjordbruk og eksportavlingar overtok. Folk utvandra frå Bequia til andre stader i Britisk Vestindia. Ein del av dei som vart igjen var frå 1870 sysselsette i maritime verksemder som fiske og kvalfangst.[3]

Frå slutten av 1860-åra vart øyane i regionen besøkt av amerikanske kvalfangarar på jakt etter knølkval og grindkval. I 1875 eller 1876 etablerte den Bequia-fødde William T. Wallace ein kvalstasjon ved Friendship Bay.[4] Kvalfangsten vart ei ny inntektskjelde for innbyggarane, med sesongarbeid i den tørre årstida. Kvalfangarar frå Bequia drog til andre øyar i Grenadinane for å fanga kval.[5] Fangsten vart driven frå små, opne båtar med segl. Sesongen varte frå januar til mai.[6] Det vart produsert kvalolje for eksport, medan kvalkjøttet vart selt innanlands.[7] I løpet av 1920-åra vart knølkvalen sjeldnare i farvatna ved Grenadinane, og fangsten avtok. På Bequia fortsette kvalfangsten i mindre omfang. Frå 2013 har Den internasjonale kvalfangstkommisjonen gitt kvalfangarane på Bequia ein kvote på fire dyr per år.[8] Fangsten førgår på tradisjonelt vis frå opne båtar og for sjølvbergingsformål.

Eit lite samfunn på Bequia, Moonhole, har brukt kvalbein som byggemateriale.[9]

Kjelder endre

  1. Russell Fielding og Alison DeGraff Ollivierre (2017). Casey D. Allen, red. «Saint Vincent and the Grenadines» (Springer utg.). s. 223–241. 
  2. John Edward Adams: «Historical Geography of Whaling in Bequia Island, West Indies», Caribbean Studies, bind 11, nr. 3, 1971, s. 58.
  3. Adams 1971, s. 59.
  4. Adams 1971, s. 60.
  5. Adams 1971, s. 62.
  6. Adams 1971, s. 61 og 64.
  7. Adams 1971, s. 69.
  8. «Description of the Bequia Aboriginal Subsistence Hunt: St Vincent and the Grenadines», Den internasjonale kvalfangstkommisjonen. Lest 18. april 2019.
  9. Steve Bailey, "Where Being Green Can Be Easy." New York Times 10/31/04.
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.