Bergstaden Røros

by i Noreg

Bergstaden Røros (sørsamisk Plaassja[1]) er administrasjonsstad for Røros kommune. Tettstaden Røros har formelt ikkje status som by, men som bergstad. På grunn av viktige kulturminne knytt til drifta av Røros Kobberverk, vart tettstaden Røros i 1980 teke med på UNESCO si liste over verdsarv. Utvinninga av kopar gjekk føre seg i tida 1644-1977. Store delar av bergstaden vart brent ned av svenske styrkar i 1678 og 1679, men bergstaden vart bygd opp att i same stil med smale gater og låge hus. Over dei låge husa tronar kyrkja «Bergstadens Ziir» (bergstadens pryd).

Røros
stad
Røros - Kjerkgata (736986804).jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Røros
Del av Røros bergstad og Circumferensen
Areal 3,18 km²
Folketal 3 808 (2017)
Folketettleik 1 197 / km²
Postnummer 7374 RØROS
Kart
Røros
62°34′29″ N 11°23′3″ E
Wikimedia Commons: Røros (town)

BiletgalleriEndra

KjelderEndra

  1. «Stedsnamn faktaark. Røros.», stadnamn.kartverket.no, henta 9. september 2022 

BakgrunnsstoffEndra

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.