Opna hovudmenyen

Berle kyrkje

kyrkje i Bremanger kommune

Koordinatar: 61°49′40″N 5°6′52″E

Berle kyrkje
kyrkje
Berle Kyrkje.jpg
Berle kyrkje
Foto: Kjell Førde
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordfjord
Sokn Berle
Fellesråd Bremanger
Type Arbeidskyrkje
Arkitekt Alf Apelseth
Teknikk Mur
Innvigd 3. juli 1977
Kyrkjegard Frå 1893 på nabotomta
Sitjeplassar 210
Wikimedia Commons: Berle kirke

Berle kyrkje står i bygda Berle på sørsida av Bremangerlandet i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane, og er ei mura arbeidskyrkje frå 1977.

Berle kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Berle kyrkje

Bygget er teikna av arkitekt Alf Apelseth og har sitjeplassar til 210 personar.[1]

Berle fekk eigen gravstad i 1893 og bygdefolket hadde lenge arbeidd for å få eiga kyrkje då ho stod klar i 1977. Innsamlinga av pengar byrja alt i 1911. Kyrkja vart til stor del reist ved dugnadsarbeid og det var samla inn 200 000 kroner til bygginga.[1]

Kyrkja har sidan 1999 vore soknekyrkje i Berle sokn i Nordfjord prosti.[1] Då bygget stod ferdig i 1977 hadde det status som kapell og Berle vart oppretta som kapellsokn i Rugsund sokn i Davik prestegjeld. Fire år seinare, i 1981, vart Berle overført til Bremanger sokn og prestegjeld og 1. oktober 1999 vart Berle skild ut frå Bremanger sokn som eige sokn i Bremanger prestegjeld. [1]

Sjå ògEndra

FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra