Bernhard Broch

norsk kjøpmann og stortingsmann

Bernhard Aabye Broch (29. februar 18242. oktober 1894) var ein norsk skipsreiar, banksjef og politikar frå Drammen. Han møtte på Stortinget fleire periodar i tida frå 1865 til 1879.

Bernhard Broch
Fødd 29. februar 1824
Død 2. oktober 1894

Broch var son til ein kjøpmann i Drammen. Etter å ha arbeidd på handelskontor i heimbyen og i Christiania slo han seg ned i heimbyen som handelsmann, skipsreiar og fabrikkeigar. Han var med å grunnleggje Skien cellulosefabrik og stifte det norske akjseselskapet som i 1872 kjøpte store skogeigedomar i Värmland, disponent for selskapet i mange år. Broch var sjef for Drammens privatbank frå 1868 til han døydde.

Heile vegen frå 1860 til 1893 hadde Broch sete i Drammen bystyre og var byen sin ordførar i 12 år. Han var vald til stortingsrepresentant for Drammen 1865-66 og 1868-69, møtte også på stortinga 1875-76 og 1879 som varamann for høvesvis statsråd Christian August Selmer og ein sjuk Einar Borch. Broch var medlem i Gasje- og pensjonskomiteen 1865 til 1869 og Næringskomite nr 1 i dei aktuelle sesjonane 1875-79.

KjelderEndra