Vienna av Ultravox

Vienna
Studioalbum av Ultravox
Språk engelsk
Utgjeve 11. juli 1980
Innspelt February 1980
Studio RAK Studios (London)
Sjanger
Lengd 43:37
Selskap Chrysalis
Produsent
Ultravox-kronologi 
Three into One
(1979)
Vienna Rage in Eden
(1981)


Singlar frå Vienna
  1. «Sleepwalk»
    Utgjeve: 16. juni 1980
  2. «Passing Strangers»
    Utgjeve: 3. oktober 1980
  3. «Vienna»
    Utgjeve: 2. januar 1981
  4. «All Stood Still»
    Utgjeve: 20. mai 1981

Vienna er det fjerde studioalbumet av det britiske new wave-bandet Ultravox, først gjeve ut på Chrysalis Records den 11. juli 1980. Albumet var det første av Ultravox med den mest kjende besetninga deira, etter Midge Ure hadde teke over som solovokalist og gitarist, etter at John Foxx og Robin Simon slutta, og det var òg det første dei gav ut på Chrysalis. Vienna vart produsert av den kjende, tyske produsenten Conny Plank, som òg hadde produsert det førre Ultravox-albumet, Systems of Romance, og miksa i studioet til Plank nær Köln i Tyskland. I form av salstal hadde albumet ein treig start, men då tittelsporet vart gjeve ut i januar 1981 som den tredje singelen frå albumet, vart han det store gjennombrotet deira verda over og førte til gode salstal av albumet gjennom 1981. Vienna nådde tredjeplassen på UK Albums Chart og nådde topp 10 i Australia, New Zealand og fleire land i Europa.

Ultravox endra stil og publikum då Ure kom inn i bandet. Ure hadde alt vore delaktig i skipinga av bandet Visage med klaverspelaren og bratsjisten i Ultravox, Billy Currie. Det er mange forskjellige stilar på albumet: «Astradyne» er ein lang instrumental med sveipande, majestetiske synthesizerarrangement, medan «Mr. X» er eit enklare Kraftwerk-aktig spor. Tekstane på albumet vart hovudsakleg skrivne av Ure og trommeslagaren Warren Cann, som òg for ein gong skuld syng solovokal på «Mr. X».

Vienna vart ommastra og gjeve ut på CD i 2000 på EMI Gold. Denne utgåva kom ut med eit utval av B-sider frå singlane til albumet som bonusspor, i tillegg til musikkvideoen til songen «Vienna». Den definitive versjonen av albumet Vienna kom ut i 2008 med ei ekstra bonusplate med sjeldne spor og anna som ikkje var gjeven ut tidlegare.

Bakgrunn endre

Skrivinga og øvinga av songane for albumet byrja hausten 1979, kort tid etter Midge Ure kom inn i bandet. Dei første spora dei skreiv var «Astradyne», «Mr. X» og «New Europeans».[1] I motsetnad til dei førre albuma til bandet, var musikken skriven av alle dei fire medlemmane i lag med å kaste idear fram og tilbake mellom seg og så utarbeide dei inn til songstrukturar.[2] Warren Cann skreiv nokre av tekstane i tillegg til Ure, som seinare kom til å skrive alle tekstane til bandet. Cann skreiv mesteparten av teksten til «Sleepwalk», «Mr. X», «Private Lives», «All Stood Still» og «New Europeans».[1] Etter ein konsert i London i februar 1980 vart Chrysalis Records interessert i bandet og gav dei studiotid til å spele inn nokre demoar. Bandet valde så å konsentrere seg om ein song og spele denne inn skikkeleg. Dei spelte inn «Sleepwalk» og fekk kontrakt av Chrysalis. Spora for albumet vart så spelte inn i RAK Studios i London og seinare miksa i studioet til Conny Plank i Tyskland. Songen «Vienna», som vart skriven tidleg i 1980, vart av bandet rekna som eit musikalsk høgdepunkt på albumet og den songen som best representerte det dei ønskte å gjere. Dei valde derfor denne songen som tittelsporet på albumet.[2][3] Men eit par testtrykk av albumet vart laga med ein alternativ tittel, Torque Point, på omslaget.[4]

Det vart gjevne ut fire singlar frå albumet. «Sleepwalk» kom ut i juni 1980, etterfølgd av «Passing Strangers» i oktober 1980. «Vienna» kom ut i januar 1981 og «All Stood Still» i mai 1981.[2] «New Europeans» vart nytta i ein japansk fjernsynsreklame og gjeven ut på singel i Japan, der han selde til gullplate.[2]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [5]
Billboard(positiv)[6]
Christgau's Record GuideC[7]
Mojo     [8]
Q     [9]
Record Mirror     [10]
Rolling Stone     [11]
The Rolling Stone Album Guide     [12]
Smash Hits8/10[13]
Sounds     [14]

Vienna fekk blanda kritikk og kritikarane var delte i synet på Ure og retninga mot meir streit pop. Sounds gav albumet god omtale og utfordra lesaren: «Eg utfordrar deg til å finne eit anna band som kan blanda europeisk system-rock, elektronikk, Can-aktig stil og engelsk musikk med så mykje bravur».[14] Melody Maker var generelt positive, men meinte albumet hadde nokre svake punkt: «den første halvdelen av side to avslører dei mest keisame augneblinka. Elektroniske klisjear er ikkje verre enn klisjear på gitar, men det er meir truleg at dei høyrest pompøse ut.» Meldinga avslutta med «Ultravox fortener suksess. Dette burde fungere.»[15] Philip Hall i Record Mirror meinte at sjølv om «Ultravox lagar alle dei rette lydane, klarar dei ikkje å skrive konsistent minneverdig musikk ... Vienna er full av vanlege elektroniske rockesongar som er vakkert utført, men som aldri inspirerer.»[10] NME var òg likegyldig, og kalla Vienna «eit album med glorete, stundom strålande, men hovudsakleg hole verk, som husar songar som erstatta dei elliptiske bileta til Foxx med klønete, detaljerte skildringar av liknande natur», og skildra bileta som «tilsynelatande tekne frå Hollywood-filmar frå kontinentet ... det er på liknande vis full av glamor og manglar sann essens». Meldaren konkluderte med «Trass i den medvitne plagieringa og mindre tydlege idear, vil Vienna truleg vere albumet som gjer Ultravox til det dei er, uhindra av forpliktinga til Foxx kan dei gjere kompromiss for å passe inn med det folk vil ha i dag.»[16]

Då nyutgjevinga kom i 2000 kalla Q albumet for deira beste og at «her var fine singlar som 'Sleepwalk' og 'All Stood Still' og tittelsporet - som ein flodhest i ein teikneserie - er pompøs, men likevel lett å like.»[9] Meldinga av luksusutgåva åtte seinare var mindre positiv og skildra det som «like kaldt og kunstig som det alltid har vore».[17] Mojo skreiv at «den studerte stordomen på tittelsporet har elda langt mindre bra enn electro-straumen på den første singelen, 'Sleepwalk', instrumentalen 'Astradyne', eller den hardtslåande riff-rocken på 'New Europeans'. Til sjuande og sist tok Vienna, med den vinnande formelen for kald futurisme og store rockelandskap, Ultravox ut frå yttergrensene og inn i den storhårete 80-tals hovudstraumen.»[8]

AllMusic sa «Det er mange pretensiøse og pompøse augneblink som får puristar frå Foxx-tida til å krøkje seg, men teken som eit arrogant opprør mot det gitartunge klimaet i slutten av 1970-åra, kan dei ikkje ignorerast ... Legg til fotografiet til Anton Corbijn og det smarte omslaget til Peter Saville, så har ein alle ingrediensane til ein klassikar frå tidleg i 1980-åra der. Eit par album seinare, verka det som eit lykketreff, men på Vienna, kom alle bitane saman.»[5]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Warren Cann, Chris Cross, Billy Currie og Midge Ure.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Astradyne»7:07
2.«New Europeans»4:01
3.«Private Lives»4:06
4.«Passing Strangers»3:48
5.«Sleepwalk»3:10
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Mr. X»6:33
7.«Western Promise»5:18
8.«Vienna»4:53
9.«All Stood Still»4:21
Side ein - Nordamerikansk versjon
Nr.TittelLengd
1.«Sleepwalk»3:10
2.«Passing Strangers»3:48
3.«New Europeans»4:01
4.«Private Lives»4:06
5.«Astradyne»7:07
Side to - Nordamerikansk versjon
Nr.TittelLengd
6.«Mr. X»6:33
7.«Western Promise»5:18
8.«Vienna»4:53
9.«All Stood Still»4:21
Bonusspor på 2000-utgåva
Nr.TittelLengd
10.«Waiting» (B-side til «Sleepwalk»)3:51
11.«Passionate Reply» (B-side til «Vienna»)4:17
12.«Herr X» (Tysk versjon av «Mr. X»)5:49
13.«Alles Klar» (B-side til «All Stood Still»)4:53
14.«Vienna» (musikkvideo til singelen) 
Plate to av luksusutgåva
Nr.TittelLengd
1.«Sleepwalk» (tidleg versjon)3:23
2.«Waiting»3:51
3.«Face to Face» (live frå St Albans, 16. aug 1980 – B-side til «Passing Strangers»)6:04
4.«King's Lead Hat» (Brian Eno, live frå The Lyceum, 17. aug 1980 – B-side til «Passing Strangers» 12")4:06
5.«Passionate Reply»4:17
6.«Herr X»5:49
7.«All Stood Still» (12"-versjon)5:08
8.«Alles Klar»4:53
9.«Keep Talking» (kassettopptak frå øving)6:23
10.«Sleepwalk» (opptak frå øving i The Lyceum, 17. august 1980)3:43
11.«All Stood Still» (opptak frå øving i The Lyceum, 17. august 1980)4:35

Medverkande endre

Ultravox

  • Warren Cann – trommer, elektronisk perkusjon, korvokal, solovokal på «Mr. X» og «Herr X»
  • Chris Cross – bass, synthesizer, korvokal
  • Billy Currie – piano, synthesizer, bratsj, fiolin
  • Midge Ure – gitar, synthesizer, solovokal (utanom på «Mr. X» og «Herr X»)

Andre medverkande

  • Conny Plank – produsent
  • Brian Griffin & Brian Aris – bandfotografi

Salslister endre

Vekeslister endre

listee (1980–81) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[18] 4
Tyske album (Media Control)[19] 22
Nederlandske album (MegaCharts)[20] 2
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[21] 2
Norske album (VG-lista)[22] 18
Svenske album (Sverigetopplistan)[23] 6
Britiske album (OCC)[24] 3

Årslister endre

listee (1981) Plassering
UK Albums Chart[25][26] 15

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
New Zealand (RMNZ)[27] Platina 15 000^
Storbritannia (BPI)[28] Platina 300 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Warren Cann/Ultravox interview». Discog.info. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Warren Cann/Ultravox interview». Discog.info. 
  3. Extreme Voice 18: Rarest in Eden Ultravox.org
  4. Monumental A History of Ultravox Record Collector
  5. 5,0 5,1 Jeffries, David. «Vienna – Ultravox». AllMusic. Henta 2. september 2020. 
  6. «Review: Vienna – Ultravox» (PDF). Billboard 85. 16. august 1980. s. 66. ISSN 0006-2510. Henta 24. mai 2020 – via American Radio History. 
  7. Christgau, Robert (1990). «Ultravox: Vienna». Christgau's Record Guide: The '80s. Pantheon Books. ISBN 0-679-73015-X. Henta 2. september 2020. 
  8. 8,0 8,1 Buckley, David (January 2009). «Review: Ultravox – Vienna». Mojo (182): 122. 
  9. 9,0 9,1 Quantick, David (July 2000). «Review: Ultravox – Vienna». Q (166): 137. 
  10. 10,0 10,1 Hall, Philip (5. juli 1980). «Review: Ultravox – Vienna». Record Mirror: 16. 
  11. Cohen, Debra Rae (5. mars 1981). «Ultravox: Vienna». Rolling Stone (338). Arkivert frå originalen 2. oktober 2007. Henta 9. oktober 2015. 
  12. Marsh, Dave; Swenson, John, red. (1983). «Ultravox». The Rolling Stone Album Guide (2nd utg.). Random House. ISBN 0-394-72107-1. 
  13. Taylor, Steve. «Albums». Smash Hits (10–23. juli 1980): 31. 
  14. 14,0 14,1 Gill, John (5. juli 1980). «Review: Ultravox – Vienna». Sounds: 36. 
  15. Kiley, Penny (5. juli 1980). «Review: Ultravox – Vienna». Melody Maker: 18. 
  16. Bohn, Chris (12. juli 1980). «Review: Ultravox – Vienna». NME: 38. 
  17. Kane, Peter (November 2008). «Review: Ultravox – Vienna». Q (268): 129. 
  18. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, New South Wales, Australia: Australian Chart Books. s. 317. ISBN 0-646-11917-6. 
  19. "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control.
  20. "Ultravox – Vienna". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  21. "Ultravox – Vienna". Charts.org.nz. Hung Medien.
  22. "Ultravox – Vienna". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
  23. "Ultravox – Vienna". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  24. "Ultravox | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  25. Scaping, Peter, red. (1982). «The Top 200 LPs: January–December 1981». BPI Year Book 1982 (5th utg.). London, England: The British Phonographic Industry Ltd. s. 50–53. ISBN 0-906154-03-0. 
  26. Jones, Alan; Lazell, Barry; Rees, Dafydd (1982). «The Top 200 Albums (Storbritannia)». Chart File 1982. London, England: Virgin Books. s. 78–81. ISBN 0-907080-49-9. 
  27. «New Zealand album salstrofé – Ultravox – Vienna». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 16. november 2019. 
  28. «British album salstrofé – Ultravox – Vienna». British Phonographic Industry. Henta 1. juni 2019.  Enter Vienna in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go