Bjørkemus

pattedyrart

Bjørkemus, Sicista betulina, er eit pattedyr i hoppemusfamilien. Ho er den einaste representanten for hoppemusfamilien i Noreg. Bjørkemusa sitt utbreiingsområde strekkjer seg frå Noreg og Danmark i vest til Bajkalsjøen i Sibir i aust, og frå Polarsirkelen i nord til Karpatane i sør. Ho er svært vanleg i delar av Russland og Ukraina, men mindre vanleg der ho førekjem i Vest-Europa. Det er vanskeleg å veta nøyaktig kor stor bestanden er, då bjørkemusa er sky og vanskeleg å fanga.[2] Ho vart først registrert i Noreg i 1907 og har sidan blitt funnen frå Akershus til Nordland, men oftast nord på Austlandet og i Midt-Noreg.[3] Ho er oppført på raudlista til fleire land i Europa, m.a. Tyskland, Danmark, Romania, Tsjekkia og Litauen og har status som nær truga i Noreg frå 2021.[1]

Bjørkemus
Bjørkemus
Bjørkemus
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiinga av Bjørkemus
Utbreiinga av Bjørkemus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Gnagarar Rodentia
Familie: Hoppemusfamilien Dipodidae
Slekt: Sicista
Art: Bjørkemus S. betulina
Vitskapleg namn
Sicista betulina

Bjørkemusa finst i diverse landskapstypar. Det har blitt foreslått at ho tilbringer sommaren i våtmarksområde og flyttar til skogområde om vinteren. Ho ligg i dvale i seks månader i året, og mister på den tida opp til halve kroppsvekta si.[2]

Fotnotar

endre
  1. 1,0 1,1 Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av bjørkemus Sicista betulina for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2022. 
  2. 2,0 2,1 Meinig, H., Zagorodnyuk, I., Henttonen, H., Zima, J. & Coroiu, 2016. Sicista betulina. The IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T20184A115156920. Henta 21. juni 2022
  3. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022. 

Kjelder

endre