Bjørn Bjørneboe

Bjørn Ingvald Bjørneboe (fødd 1. februar 1940 i Kristiansand) er ein norsk prest, biletkunstnar og bokillustratør.

Bjørn Bjørneboe
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. februar 1940 (84 år)
Kristiansand kommune
Yrke prest, illustratør, kunstmålar
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Ektefelle Marit Aabel

Bjørn Bjørneboe tok teologisk embetseksamen ved Det teologiske Menighetsfakultet i 1968 og vart ordinert til prest i Den norske kyrkja i 1970. Han hadde samanhengande presteteneste som høvesvis residerande kapellan i Bjarkøy i Troms og prest i Nidaros domkyrkje fram til 1990, då han søkte avskil for å vie seg heilt til det kunstnariske arbeidet.

Bjørn Bjørneboe har inga formell kunstutdanning, men debuterte på Haustutstillinga allereie i 1966, då han var midtveges i dei teologiske studia sine. I 1977 vart han medlem med røysterett i NBK (Norske Biletkunstnarar). Bjørn Bjørneboe har motteke ei rekkje stipend og hatt rundt 25 separatutstillingar. Han har illustrert meir enn 20 bøker og musikkhefte og motteke fleire prisar, blant anna for årets vakraste bok. Bileta har ofte motiv frå Bibelen og kristen eller jødisk symbolikk.

Bjørn Bjørneboe er nevø til forfattaren Jens Bjørneboe.

Bokillustrasjonar endre

Lista viser eit utval av bøker som Bjørn Bjørneboe har illustrert.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre