Bjarne Rise

norsk målar

Bjarne Rise (18. juni 190430. september 1984) var ein norsk kunstmålar.

Bjarne Rise

Bjarne Rise
Eigar av Bilete er Even Rise
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. juni 1904
Det amerikanske flagget Minneapolis i USA
Død

30. september 1984
Flagget til Noreg Oslo i Noreg

Utdanning Statens Kunst- og Håndverkskule
Statens Kunstakademi
Yrke kunstnar
Bjarne Rise på Commons

Biografi

endre

Bakgrunn

endre

Bjarne Rise var fødd i Minneapolis i USA av norske foreldre. Da han var fem år gammal, flytta familien attende til heimbygda Oppdal der han voks opp. Hausten 1925 flytta han til Oslo der han først gjekk på Kunst- og Handverkskulen. Etter det studerte han ved Statens Kunstakademi først i 1927 og i 1932/33 med Axel Revold, seinare, i 1935/36 med Georg Jacobsen.[1] Han var og ei tid, etter avslutta studium ved Kunstakademiet, elev hjå Aksel Jørgensen ved Kunstakademiet i København

Kunstnaren Bjarne Rise vert rekna som den første surrealisten i Noreg. I periodar dyrka han abstraksjonen men i det meste har kunsten hans figurativ karakter. Både landskap, figurbilete og stilleben framsyner ei mjuk lyrisk kjensle gjennom ein ljos koloritt og ei medveten konstruktiv oppbygging noko som syner påverknaden frå Georg Jacobsen. Han var og påverka av den danske målaren Vilhelm Bjerke Petersen[2].

Arbeid

endre

Rise er best kjent for altertavlene og trerelieffa sine, m.a. altertavlene i Follafoss kyrkje, (1955), Fagerhaug kapell, (1960), Ringkollen kapell, 1981), og kalkmåleri i Glomfjord kyrkje, 1957). Ved sida av måleri og trerelieff arbeidde han med biletteppe. Nasjonalmuseet/Nasjonalgalleriet i Oslo eig eit trerelieff og åtte måleri av Bjarne Rise. I 1955 gav han ut ei bok om kunstnaren Jean Heiberg.

Verk (utval)

endre

Offentlege bygningar (utsmykking)

endre
  • «Veronika-duk», Altertavle i Gamvik kyrkje (biletvev)
  • «Kristus og de tre apostlane» Altertavle i Follafoss kyrkje.
  • «Fem kloke og fem dårlige jomfruer», på orgellem og altertavle i Namsos kyrkje (måla trerelieff og biletvevteppe).
  • «Den oppstandne Kristus», Billedvevteppe i Moss sjukehus.
  • Trilogien «Med egne hender - Vår, Sommer, Haust», tre biletvevteppe i Norske Folk garden, Oslo.
  • «Indisk Draum», måleri, Rennebu kommunehus.
  • «Såmannen» i Opdals Sparebank (måla trerelieff).

Kartongar for vovne teppe

endre
  • «Indisk draum»
  • «Jomfru Maria of hennar tre friarar», etter eit gammalt antependium
  • «Gullfuglen»
  • «Prinsessa som ingen kunne målbinde»
  • «Kvitt dyr»
  • «Maternité»

Utstillingar (utval)

endre
  • 1928: Representert på utstilling i Kunstnarforbundet
  • 1935: Representert på surrealistisk måleriutstilling i København
  • 1937: Representert på Verdsutstillinga i Paris
  • 1951: Invitert deltakar på utstilling av biletkunst saman med Paul Klee, Vasilij Kandinskij og Pablo Picasso. Rise fekk god omtale.
  • 1952: Deltakar på utstillinga «Ung norsk kunst» i København
  • 1955: Deltakar på sommarutstillinga «13 malarar» i Kunstnernes Hus
  • 1957: Deltakar på utstilling i Göteborg
  • 1968: Utstilling av teikningar saman med Håkon Stenstadvold og Ole Mæhle i Kunstnarforbundet.
  • 1982: Utstillinga «Norsk Billedvev» med billedteppe etter kartongar av Bjarne Rise i Kunstindustrimuseet.
  • 1987: Kubismens kunst vart utstillt i Tønsberg
  • 1989: Retrospektiv minneutstilling i Trondhjem Kunstforeining - Trøndelag Kunstgalleri. Utstillinga blei vist i Oppdal av Oppdal Kunstlag same år.

Referansar

endre
  1. Henriksen, Petter, red. (2007). «Bjarne Rise». Store norske leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. Henta 12 Mars 2011. 
  2. Koefoed, Holger. «Karen Holtsmark». I Helle, Knut. Norsk biografisk leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. Henta 12 Mars 2011. 

Bakgrunnsstoff

endre