Bjordal kyrkje
kyrkje i Høyanger kommune
Bjordal kyrkje er ei langkyrkje frå 1906 i bygda Bjordal ved Fuglsetfjorden på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune i Vestland.
Bjordal kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Høyanger | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Sunnfjord | ||
Sokn | Bjordal og Ortnevik | ||
Fellesråd | Høyanger | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Victor Nordan | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1. november 1906 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 167 | ||
Bjordal kyrkje 61°04′30″N 5°49′44″E / 61.0751°N 5.8289°E | |||
Wikimedia Commons: Bjordal kirke |
Arkitekt for bygget var Victor Nordan. Kyrkja er i tre og ligg fint til med utsyn over dalen og fjorden. Kyrkja er den fyrste på staden, og før ho vart bygd sokna folket i området til Kyrkjebø kyrkje på nordsida av Sognefjorden, ei lang båtferd unna.
Bjordal kyrkje er i lag med Ortnevik kyrkje soknekyrkjer i Bjordal og Ortnevik sokn i Sunnfjord prosti. Fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg kyrkja i Lavik prestegjeld.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Bjordal kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971
Bakgrunnsstoff
endre- Om Bjordal og Ortnevik sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane»
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Bjordal kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Bjordal kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.