Opna hovudmenyen
Black Magic Woman
Singel av Fleetwood Mac
frå albumet English Rose
B-side «The Sun is Shining»
Utgjeve 29. mars 1968
Innspelt Februar 1968
Sjanger Bluesrock
Lengd 2:48
Selskap Blue Horizon
57-3138 (UK)
Epic
5-10351 (USA)
Låtskrivar(ar) Peter Green
Fleetwood Mac-kronologi
«Shake Your Moneymaker»
(1968 Tyskland)
Black Magic Woman «Need Your Love So Bad»
(1968)


«Black Magic Woman» er ein song skriven av Peter Green og spelt inn og gjeve ut av Fleetwood Mac på singel i 1968. Han kom året etter ut på samlealbuma English Rose (USA) og The Pious Bird of Good Omen (UK), i tillegg til Vintage Years. I 1970 vart han ein klassisk hit for Santana, sungen av Gregg Rolie. Santana-versjonen nådde fjerdeplassen i USA og Canada, og var med på albumet Abraxas.

Innhaldsliste

Fleetwood Mac-versjonenEndra

Sjølv om songen ikkje var like populær som Santana-versjonen to år seinare, vart «Black Magic Woman» ein ganske populær bluesrock-song med ein 37. plass på den britiske singellista. Han vart spelt på konsertane til Fleetwood Mac i mange år, sjølv etter Green slutta i bandet, og vart då ofte sungen av Danny Kirwan. Bandet minna ofte publikum på at det var ein Fleetwood Mac-song før det vart ein stor hit for Santana.

StrukturEndra

Songen går i d-moll og verset følger ein 12-takts akkordprogressjon som vekslar mellom d-moll7, a-moll7 og g-moll7, og instrumenteringa består av vokal, to gitarar, bassgitar og trommer. Han er homofonisk, stemma og sologitaren tar leiande roller. Songen går i 4/4-takt, før han bryt ut i ein shuffle-takt etter siste verset.

Den originale innspelinga til Peter Green med Fleetwood Mac vart spelt med gitarar som vart stemt litt under vanleg tonehøgd, truleg for å vere stemt i lag med eit piano eller ein annan gitar i studioet (slik The Rolling Stones ofte gjorde).

Santana-versjonenEndra

Black Magic Woman
av Santana
frå albumet Abraxas
B-side «Hope You're Feeling Better»
Utgjeve 1970
Innspelt 1970
Sjanger Bluesrock, latin rock
Lengd 5:24 (album), 3:16 (singel)
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Peter Green
Produsent Fred Catero og Carlos Santana

BakgrunnEndra

Santana-versjonen vart spelt inn i 1970 som ein medley med Gábor Szabó sin «Gypsy Queen» frå 1966, ei blanding av jazz, ungarsk folk og latinamerikansk rytmar. Songen vart ein av dei største hittane til Santana og singelen nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 i januar 1971. Allbumet Abraxas gjekk heilt til topps på albumlista og hadde i 1986 seld til fire gonger platina.

StrukturEndra

Songen følgjer generelt den same strukturen som Fleetwood Mac-versjonen, men med ein noko anna akkordsekvens (Dm7– Am7–Dm7–Gm7–Dm7–Am7–Dm7). Han er ei blanding av blues, rock, jazz, 3/2 afro-cubansk son-clave og «latinsk» polyrytme, med conga, timbales og anna perkusjon, i tillegg til orgel og piano.[1]

Andre versjonarEndra

I 2005 vart songen spelt av den tidlegare Thin Lizzy-gitaristen Snowy White på albumet The Way It Is. I 1996 vart songen òg spelt av Gary Hoey på albumet Bug Alley.

KjelderEndra

  1. Olsen, Eric. «That Voodoo You Do: The Classic Santana.» Blogcritics.org (Henta 12. mai 2015). <http://blogcritics.org/archives/2004/02/16/155414.php>

BakgrunnsstoffEndra