Bjønnkamslekta
Bjønnkamslekta (Blechnum) er ei slekt av bregner i bjønnkamfamilien, som igjen er ein del av ein større monofyletisk orden, Polypodiales.[1] Slekta omfattar 150-220 artar.
Bjønnkamslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Klasse: | Bregnar Polypodiopsida |
Underklasse: | Polypodiidae |
Orden: | Sisselrotordenen Polypodiales |
Underorden: | Aspleniineae |
Familie: | Bjønnkamfamilien Blechnaceae |
Underfamilie: | Blechnoideae |
Slekt: | Bjønnkamslekta Blechnum L., 1753 |
Bregnane veks normalt langs bakken. Eit viktig kjenneteikn er dei unge skota, som ofte har eit raudt preg. Plantane er 10–100 cm høge, og har blad som står ut i rosettformasjon frå grunnen. Nokre av artane veks rundt krater i vulkanar, blant anna kjeldebjønnkam på Island.
I Noreg finst arten bjønnkam Blechnum spicant. Denne blei fyrst vitskapleg skildra av Linne, og er ein 15–50 cm høg, symmetrisk tofinna bregne med bladstenglane ståande opp frå rota i rosettformasjon. Sterile og fertile blad er ulike. Bjønnkam går opp til 1250 moh. i Stranda i Møre og Romsdal, og går elles nord til Kvænangen i Troms. Arten har hovudtyngde i kyststrøk på Vestlandet og er meir sjeldan i austlege delar av landet.
Artar
endreFølgjande artar er nokre av dei totalt 150-220 som finst i bjønnkamslekta:
- Bjønnkam (Blechnum spicant) (Linné) (Nord-Norge, Vestlandet, nedre Austlandet, nordvestre Afrika, den nordlege halvkula)
- Kildebjønnkam (Blechnum spicant var. fallax) (Island)
- Blechnum appendiculatum = syn. Blechnum occidentale var. pubirhachis
- Blechnum brasiliense
- Blechnum buchtienii
- Blechnum chilensis (Chile)
- Blechnum cordatum
- Blechnum dentatum = syn. Blechnum vittatum
- Blechnum discolor (New Zealand)
- Blechnum fluviatile
- Blechnum gibbum
- Blechnum lanceola
- Blechnum nipponicum = syn. Woodwardia japonica (Kina, Korea, Japan)
- Blechnum obtusatum
- Blechnum occidentale (Linné)
- Blechnum orientale (Linné)
- Blechnum penna-marina = syn. Polypodium penna-marina
- Blechnum radicans = syn. Woodwardia radicans (Linné)
- Blechnum schomburgkii
- Blechnum serrulatum
- Blechnum vittatum = syn. Blechnum dentatum
- Blechnum volubile
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ Smith, A. R., K. M. Pryer, et al.' "A classification for extant ferns", i Taxon 2006 55(3), side 705-731. online tilgjengeleg versjon Arkivert 2008-02-26 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Bjønnkamslekten» frå Wikipedia på bokmål, den 20. februar 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) bjønnkamslekta hos Artsdatabanken
- (en) bjønnkamslekta i Encyclopedia of Life
- (en) bjønnkamslekta i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) bjønnkamslekta hos Dyntaxa
- (en) bjønnkamslekta hos Fossilworks
- (en) bjønnkamslekta hos ITIS
- (en) bjønnkamslekta hos NCBI
- (en) bjønnkamslekta hos The International Plant Names Index
- (en) bjønnkamslekta hos Tropicos
- (en) Kategori:Blechnum – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Blechnum – detaljert informasjon på Wikispecies