Bleib bei uns, denn es will Abend werden

Bleib bei uns, denn es will Abend werden, BWV 6, er ein kantate av Johann Sebastian Bach.

Bleib bei uns, denn es will Abend werden
BWV 6
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1725
Urframføring2. april 1725
Publiseringsdato1851
Typisk lengd18:38

Han vart skriven i Leipzig for 2. påskedag og vart først framført den 2. april 1725. Han er basert på koralar av Nikolaus Selnecker og Martin Luther. Teksten frå første satsen kjem frå Lukasevangeliet 24:29.

Stykket er skriven for to oboar, obo da caccia, strykarar (fiolinar, bratsjar og basso continuo), songsolistar og kor. Det består av seks satsar:

  1. Kor: «Bleib bei uns, denn es will Abend werden» - ein fri polyfon sats i tredelt form for heile ensemblet. Den midte delen er fugeliknande i tekstur (c-moll).
  2. Arie: «Hochgelobter Gottessohn» - for alt, obo da caccia og continuo (Ess-dur).
  3. Koral: «Ach bleib bei uns, Herr Jesu Christ» - ein del av koralen til Hermann for solosopran, piccolo cello og continuo (H-dur).
  4. Resitativ: «Es hat die Dunkelheit an vielen Orten» - for bass og continuo (g-moll).
  5. Arie: «Jesu, laß uns auf dich sehen» - for tenor, strykarar og continuo (g-moll).
  6. Koral: «Beweis dein Macht, Herr Jesu Christ» - siste verset av koralen, sunge og spelt av heile ensemblet (g-moll).

Bakgrunnsstoff endre