Blomqvist Kunsthandel

Blomqvist Kunsthandel, ofte berre kalla Blomqvist, er eit norsk auksjonshus basert i Oslo. Blomqvist blei grunnlagt i 1870 som ein av dei første kunsthandlarane i Norden av Christian Walfrid Blomqvist. I dag er Blomqvist den største og eldste formidlar av kunst, antikvitetar, moderne design, sølv, smykkar, klokkar, glas, porselen, vin og meir i Noreg. Blomqvist held 6 auksjonar i året og har sidan 2006 halde separate nettauksjonar med meir enn 20 000 hammarslag per år.

Blomqvist Kunsthandel

Org.formAksjeselskap
Org.nr.913 111 761
BransjeKunsthandel, Auksjonsforretning
Skipa1870
HovudkontorOslo
LandNoreg
ProduktKunst og verdifulle gjenstandar
Adm.dir.Kunsthandel: Elisabeth Vik Forsberg; Nettauksjon: Knut Forsberg
Nettstadhttp://www.blomqvist.no (bokmål)

Firmaet har i fleire periodar vore ein viktig utstillings- og omsetnadsstad for norsk biletkunst, både gjennom auksjonar og sal frå galleri. Mange norske kunstnarar har hatt separatutstillingar her, blant andre Thomas Fearnley, Christian Skredsvig, Johan Fredrik Eckersberg, Hans Gude, Mathias Stoltenberg, Olaf Isachsen, Johan Christian Dahl, Adolph Tidemand og August Cappelen. Edvard Munch har hatt elleve separatutstillinger hos Blomqvist.

Historie endre

Blomqvist blei skipa i 1870 i Christiania av svenskfødde Christian Walfrid Blomqvist som rammemakeri og forgyllingsverkstad. Butikken heldt først til i Øvre Slottsgate 11. Han flytta til Toldbodgaten 22 i 1879 og innreia ein utstillingshall i andre etasje. Firmaet flytta til Karl Johans gate i 1883, og nevøen til Blomqvist, Walfrid Wasteson, overtok som leier i 1884. Han døydde i 1920, og sonen Thorleif Wasteson tok over leiinga. Frå 1914 har Blomqvist hatt dei noverande lokale sine i Tordenskiolds gate 5.[1]

Kjelder endre

  1. «Vår historie». blomqvist.no. Arkivert frå originalen 28. september 2007. 

Bakgrunnsstoff endre