Jeremy Andrew «Andy» Johns (20. mai 19507. april 2013) var ein britisk lydteknikar og plateprodusent. Han arbeidde på kjende rockealbum som Led Zeppelin sitt IV og The Rolling Stones sitt Exile on Main Street.[1][2] Lyden han produserte kan ein høyre på Free-albumet Highway, der han både var lydteknikar og produsent.[3][4][5]

Andy Johns
Fødd20. mai 1950
FødestadEpsom
Død7. april 2013 (62 år)
DødsstadLos Angeles
FødenamnJeremy Andrew Johns
OpphavStorbritannia
Aktiv1960-åra til 2013
SjangerRock
Verka somPlateprodusent, lydteknikar

Biografi

endre

Johns, var den yngre broren til lydteknikaren i Olympic Studios, Glyn Johns, og voks opp i Gloucester i England. Før han var 19 år gammal arbeidde han som lydteknikar for Eddie Kramer på innspelingar av Jimi Hendrix og mange andre. I ein karriere som varte meir enn førti år har han vore lydteknikar og produsent for artistar frå Led Zeppelin og The Rolling Stones tilVan Halen ogRod Stewart, og albuma han medverka på har seld i alt meir enn 160 millionar eksemplar.[6]

Johns var far til den tidlegare trommeslagaren i Hurt, Evan Johns og songaren og gitaristen Will Johns, i tillegg til onkel til produsenten Ethan Johns (sonen til Glyn Johns).

Johns døydde 7. april 2013 etter eit kort sjukeopphald på eit sjukehus i Los Angeles, der han vart behandla for magesår.[7]

Diskografi

endre

Album produsent

endre

Lydteknikar

endre

Kjelder

endre
  1. «Exclusive Interview Legendary Engineer Andy Johns Talks Exile on Main Street». GuitarPlayer. 20. mai 2010. Arkivert frå originalen 7. august 2011. Henta 24. april 2013. 
  2. «Engineer Andy Johns Discusses the making of The Rolling Stones Exile On Main Street | Goldmine Magazine». Goldminemag.com. 8. mai 2010. Henta 24. april 2013. 
  3. «Legendary Engineer Andy Johns Looks Back at His Work with Free». Gibson.com. 28. mai 2008. Arkivert frå originalen 30. mai 2008. Henta 24. april 2013. 
  4. «The Mixing Engineer's Handbook - Andy Johns Interview». Bobbyowsinski.com. Arkivert frå originalen 12. august 2011. Henta 24. april 2013. 
  5. «Led Zepplelin: The 'Tight But Loose' Files; Celebration 2 - Dave Lewis - Google Boeken». Books.google.com. Henta 24. april 2013. 
  6. «Andy Johns Interview: The Man Behind the Sound of Rock n Roll : Guitar Interviews». Guitarinternational.com. Arkivert frå originalen 27. april 2011. Henta 24. april 2013. 
  7. «LED ZEPPELIN, VAN HALEN PRODUCER ANDY JOHNS DIES». AP. Arkivert frå originalen 11. november 2013. Henta 11 April 2013. 
  8. Joel Selvin (10. mai 2009). «Guitarist Satriani joins Hagar for Chickenfoot fun». SFGate. Henta 24. april 2013. 

Bakgrunnsstoff

endre