Blue Cheer av Blue Cheer
Blue Cheer Studioalbum av Blue Cheer | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Desember 1969 | |
Innspelt | 1969 | |
Studio | Wally Heider Studios, San Francisco, California | |
Sjanger | psykedelisk rock, hardrock | |
Lengd | 36:15 | |
Selskap | Philips | |
Produsent | Michael Sunday, Eric Albronda | |
Blue Cheer-kronologi | ||
---|---|---|
New! Improved! (1969) |
Blue Cheer | The Original Human Being (1970)
|
Blue Cheer er det fjerde studioalbumet til det amerikanske rockebandet Blue Cheer. Det vart spelt inn i Wally Heider Studios i San Francisco og gjeve ut i desember 1969 på Philips Records. Gary Lee Yoder bidrog med låtskriving på opnings- og avslutningssporet og vart seinare med i gruppa som gitarist for et neste albumet deira, The Original Human Being.[1]
Utgjeving og mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Robert Christgau | B[2] |
Ifølgje Lillian Roxon sitt Rock Encyclopedia vart albumet gitt ut i desember 1969.[3] I ei melding for The Village Voice i juni året etter gav Robert Christgau albumet karakteren «B» og skreiv: «Det burde finnast hundrevis av grupper som denne - harde, kompetente, litt kommersielle - men det finst truleg ikkje meir enn 20. Dette er ikkje spesielt originalt, men det er bra, og eg vil vedda på at dei er veldig bra live.»[2] AllMusic-skribenten Mark Deming gav det seinare tre og ei halv av fem stjerner og vurderte det i forhold til dei hardare tidlegare platene til bandet, og kalla det «eit morosamt album som genererer ein imponerande groove ... ein meir tilbakelent og avslappa innsats, men det rockar framleis med ein sterk og stødig vals.»[1]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Fool» | Gary R. Grelecki, Gary Lee Yoder | 3:26 |
2. | «You're Gonna Need Someone» | Norman Mayell, Bruce Stephens | 3:31 |
3. | «Hello LA, Bye Bye Birmingham» | Delaney Bramlett, Mac Davis | 3:29 |
4. | «Saturday Freedom» | Stephens | 5:47 |
5. | «Ain't That the Way (Love's Supposed to Be)» | Ralph Burns Kellogg, Dickie Peterson | 3:11 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Rock and Roll Queens» | Kellogg, Peterson | 2:44 |
7. | «Better When We Try» | Kellogg | 2:48 |
8. | «Natural Man» | Kellogg, Peterson | 3:36 |
9. | «Lovin' You's Easy» | Stephens | 3:50 |
10. | «The Same Old Story» | Grelecki, Yoder | 3:53 |
Den japanske nyutgivinga av Blue Cheer i 2007 inneheld monoversjonar av singlane «All Night Long» (Kellogg) og «Fortunes» (Peterson) saman med singelversjonane av «Fool» og «Ain't That the Way» som bonusspor.
Medverkande
endre- Blue Cheer
- Bruce Stephens – gitar, kor- og solovokal (2, 4, 7, 9)
- Dickie Peterson – bass, solovokal (1, 3, 5, 6, 8, 10)
- Ralph Burns Kellogg – klaverinstrument
- Norman Mayell – trommer
- Produksjon
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Blue Cheer (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Deming, Mark. «Bluee Cheer - Blue Cheer review». AllMusic. All Media Network. Henta 16. mars 2020.
- ↑ 2,0 2,1 Christgau, Robert (1970). «Consumer Guide (11)». The Village Voice (June 18) (New York). Henta 5. januar 2015.
- ↑ Roxon, Lillian (1978). Lillian Roxon's Rock Encyclopedia. Grosset & Grosset & Dunlap. s. 67. ISBN 0448145723.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 AllMusic credits