New! Improved!
New! Improved! Studioalbum av Blue Cheer | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mars 1969 | |
Innspelt | 1969 | |
Studio | Amigo, North Hollywood, California | |
Sjanger | ||
Lengd | 31:25 | |
Selskap | Philips | |
Produsent | Milan Melvin | |
Blue Cheer-kronologi | ||
---|---|---|
Outsideinside (1968) |
New! Improved! | Blue Cheer (1969)
|
New! Improved! er det tredje studioalbumet til den amerikanske rockegruppa Blue Cheer. Det kom ut mars 1969 på Philips Records, og var det første albumet deira utan den originale gitaristen Leigh Stephens. Albumet inneheld låtar spelt inn av to ulike gruppebesetningar: i tillegg til bassist og vokalist Dickie Peterson og trommeslagaren Paul Whaley, inkluderer side éin Bruce Stephens (ikkje i slekt med Leigh) på gitar og Burns Kellogg på klaverinstrument, medan side to inkluderer Randy Holden på gitar og vokal.[1]
Dei to besetningane bidreg med svært ulikt materiale. Med Holden ligg tilnærminga nærare den tidlegare psykedeliske hardrocken på Blue Cheer-albuma; med Kellogg og Peterson utforskar dei meir diskré bluesrock og countryrock.[2] I motsetning til på dei tidlegare albuma speler Peterson ei mindre rolle. Holden skreiv og syng låtane på side to, medan Kellogg og Stephens bidreg med det meste av materialet på side éin.
New! Improved! var litt meir vellykka enn førre albumet deira, Outsideinside, og nådde 84. plassen på albumlista Billboard' 200.[3] Singelen «West Coast Child of Sunshine», med «When It All Gets Old» på baksida, vart gitt ut, men nådde ikkje hitlistene. Albumet har vorte gitt ut på nytt fleire gonger, og ei utgiving frå 1994 på Repertoire Records inkluderer to songar som først vart gitt ut i 1969 på ein singel som ikkje var ein del av albumet. Holden-komposisjonane «Peace of Mind» og «Fruit & Icebergs» er å finna på fleire Blue Cheer-samleplater, som t.d. Louder Than God: The Best of Blue Cheer (1986)[4] og The History of Blue Cheer – Good Times Are So Hard to Find (1988).[5]
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
Collector's Guide to Heavy Metal | 7/10[6] |
I ei retrospektiv melding for AllMusic gav Mark Deming albumet tre og ei halv av fem stjerner. Han legg vekt på dei to svært ulike musikalske stilane: Uttrykk som «rootsy», «countryrock» og «perkussiv boogie» blir brukt for å skildra låtane med Kellogg og Stephens, medan Holden sitt «bidrag kjennest mykje meir som det formative arbeidet i gruppa [og] indikerer ei utvikling frå den ruvande proto-metallen på Vincebus Eruptum og Outsideinside».[2]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «When It All Gets Old» | Burns Kellogg | 2:51 |
2. | «West Coast Child of Sunshine» | Bruce Stephens | 2:35 |
3. | «I Want My Baby Back» | Stephens | 3:12 |
4. | «Aces 'n' Eights» | Kellogg, Dickie Peterson, Stephens | 2:43 |
5. | «As Long as I Live» | Peterson, Stephens | 2:18 |
6. | «It Takes a Lot to Laugh, It Takes a Train to Cry» | Bob Dylan | 3:13 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Peace of Mind» | Randy Holden | 7:17 |
2. | «Fruit & Icebergs» | Holden | 6:05 |
3. | «Honey Butter Lover» | Holden | 1:21 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «All Night Long» | Kellogg | 2:06 |
2. | «Fortunes» | Peterson | 2:20 |
Medverkande
endreSide ein[1]
- Dickie Peterson – bass, 12-strengs gitar, vibraslap, vokal
- Paul Whaley – trommer, perkusjon
- Bruce Stephens – gitar, skjelpaddeskjel, treblokker
- Burns Kellogg – piano, orgel
- Gene Estes – «perkusjonsgreier»
Side to[1]
- Randy Holden – gitar, vokal
- Dickie Peterson – bass
- Paul Whaley – trommer
Produksjon
- Milan Melvin – produsent
- Hank Cicalo – lydteknikar, miksing
- Greg Irons – plateomslag og bokstavering
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «New! Improved!» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 New! Improved! (Album notes) . Blue Cheer. Philips Records. 1969. Back cover. PHS-600-305.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 {Deming, Mark. «Blue Cheer: New! Improved! – Melding». AllMusic. Henta 5. juli 2023.
- ↑ «Blue Cheer Chart History: Billboard 200». Billboard. Henta 15. mars 2020.
- ↑ Anderson, Jason. «Blue Cheer: Louder Than God: The Best of Blue Cheer – Review». AllMusic. Henta 24. mars 2020.
- ↑ Jeffries, Vincent. «Blue Cheer: Good Times Are So Hard to Find – Review». AllMusic. Henta 24. mars 2020.
- ↑ Popoff, Martin (October 2003). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 1: The Seventies. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 52. ISBN 978-1894959025.