Blueberry Hill
Blueberry Hill av Fats Domino frå albumet This Is Fats Domino! | ||
B-side |
«Honey Chile» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1956 | |
Sjanger | Rhythm and blues | |
Lengd | 2:28 | |
Selskap | Imperial 5407 | |
Komponist | Vincent Rose | |
Tekstforfattar | Larry Stock, Al Lewis | |
Låtskrivar(ar) | Vincent Rose, Larry Stock, Al Lewis | |
Fats Domino-kronologi | ||
«When My Dreamboat Comes Home» (1956) |
Blueberry Hill | «The Rooster Song» (1957)
|
«Blueberry Hill» er ein populær song publisert i 1940 og mest kjend med rock n' roll-versjonen til Fats Domino frå 1950-åra. Musikken var skriven av Vincent Rose, med tekst av Larry Stock og Al Lewis. Han vart spelt inn seks gonger i 1940. Victor Records gav ut ei innspeling av Sammy Kaye Orchestra med vokal av Tommy Ryan den 31. mai 1940[1]. Gene Krupa sin versjon kom ut på OKeh Records (#5672) den 3. juni og songaren Mary Small spelte inn ein vokal versjon på same selskapet med orkesteret til Nat Brandwynne og kom ut 20. juni 1940 på OKeh Records #5678. Andre innspelingar frå 1940 var av The Glenn Miller Orchestra på Bluebird Records (10768), Kay Kyser, Russ Morgan, Gene Autry (òg i filmen The Singing Hill i 1941[2]), Connee Boswell og Jimmy Dorsey. Den største hitten i 1940 var versjonen til The Glenn Miller Orchestra, som nådde toppen av lista.[3]
Louis Armstrong gjekk inn på Bilboard Topp 40 i 1949 med sin versjon og nådde 29. plassen.[4] Songen vart ein internasjonal hit i 1956 for Fats Domino og har sidan blitt ein rock and roll-standard. Han låg tre veker på andrelassen på Billboard-lista og vart den største pophiten hans. Songen låg òg åtte veker i alt på toppen av R&B Best Sellers-lista.[5] Versjonen av Fats Domino vart rangert på 82. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[6] Songen vart den største hitten til Domino og er den songen som er mest knytt til han.
Utvalde versjonar
endre- Gene Autry (1940) (originalversjonen, frå filmen The Singing Hill) (1940)
- The Glenn Miller Orchestra (vokal av Ray Eberle) (1941) (Den mest kjende versjonen frå 1940-åra. Spelt inn i Chicago den 13. mai 1940. Han vart gjeven ut på Bluebird Records som 10768A (i USA)[7] og av EMI på His Master's Voice BD 5632 og MH 92)
- Russ Morgan and His Orchestra (vokal av Carol Kaye) (1941)
- Kay Kyser and His Orchestra (vokal av Harry Babbitt) (1941)
- Louis Armstrong med Gordon Jenkins' Orchestra and Choir (1949) (med anna tekst)
- Fats Domino (1956)
- Scatman Crothers (1957)
- Elvis Presley (1957)
- Mose Allison (1957)
- Little Richard (1958)
- Ricky Nelson (1958)
- Andy Williams (1959)
- Duane Eddy (1959)
- Conway Twitty (1959)
- Carl Mann (1959)
- Bill Haley & His Comets (1960)
- John Barry Orchestra (1960)
- Buster Brown (1960)
- Skeeter Davis (1961)
- Cliff Richard (1962)
- Slim Harpo (1964)
- San Remo Golden Strings (1966)
- The Loved Ones, Australia, (1966)
- The Everly Brothers (1967)
- Dave Clark 5 (1967)
- Led Zeppelin (1970 på piratkopiplata Live on Blueberry Hill)
- Freddy Fender (1970-åra)
- Loretta Lynn (1971)
- Dick Rivers (1972)
- Jerry Lee Lewis (1973, Southern Roots)
- Ellen McIlwaine (1975)
- The Beach Boys (1976)
- Billy «Crash» Craddock (1977)
- Adriano Celentano (1977)
- Link Wray (1982)
- Mud (1982)
- Jah Wobble (1980, The Legend Lives On... Jah Wobble in «Betrayal»)
- Yellowman (1987)
- Little Willie Littlefield på albumet hans Singalong with Little Willie Littlefield (1990)
- New Orleans Nightcrawlers instrumentalversjon på albumet deira New Orleans Nightcrawlers (1996)[8]
- Bruce Cockburn med Margo Timmins (1999)[9]
- Jimmy Clanton (2006, spelt i Boomtown Casino)
- Johnny Hallyday med Chris Isaak (2007, La Cigale, konsertalbum)
- Elton John (2007, Goin' Home: A Tribute to Fats Domino)
- Brenda Lee
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Blueberry Hill (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 2. oktober 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Victor 26500 - 27000, a numerical listing of issues». 78discography.com. Henta 2. oktober 2016.
- ↑ The Singing Hill Henta 2. oktober 2016.
- ↑ The Glenn Miller Orchestra, «Blueberry Hill» Chart Position Henta 2. oktober 2016.
- ↑ Louis Armstrong, «Blueberry Hill» Chart Position Henta 2. oktober 2016.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 167.
- ↑ «500 Greatest Songs of All Time: Fats Domino, 'Blueberry Hill'». Rolling Stone. Henta 2. oktober 2016.
- ↑ «BLUEBIRD numerical listings 10500 - 11000». 78discography.com. Henta 2. oktober 2016.
- ↑ [1] Henta from YouTube 21. april 2016.
- ↑ Bruce Cockburn Songs Henta 2. oktober 2016.
Bakgrunnsstoff
endre- SongFacts: Blueberry Hill
- «Blueberry Hill» Arkivert 2009-10-17 ved Wayback Machine. - Notar på wikifonia.org
- Heile songteksten på MetroLyrics
83: «Norwegian Wood (This Bird Has Flown)» The Beatles |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 82 «Blueberry Hill» Fats Domino |
81: «I Heard It Through the Grapevine» Marvin Gaye |