Bodh Gaya

Bodh Gaya er eit religiøst senter og ein pilgrimsstad knytt til Mahabodhi tempelkompleks i Gaya distrikt i den indiske staten Bihar. Han er kjend som staden der Gautama Buddha skal ha oppnådd opplysing (pali bodhi) under eit tre som blei kjent som bodhitreet.[1] Sidan oldtida har Bodh Gaya vore pilgrims- og tilbedingsstad for både buddhistar og hinduar.[2] Ein har gjort arkeologiske funn her av mellom anna skulpturar som viser at staden har vore brukt av buddhistar sidan mauryatida.[3]

Bodh Gaya
by
Great Buddha Statue, Bodh Gaya.jpg
Land Flag of India.svg India

Bodh Gaya
24°40′0″ N 85°1′0″ E
Wikimedia Commons: Bodh Gaya

For buddhistar er Bodh Gaya den viktigaste av dei fire hovudpilgrimsstadene knytte til Gautama Buddha sitt liv.[4] Dei andre tre er Kushinagar, Lumbini og Sarnath. I 2002 blei Mahabodhi-tempelet i Bodh Gaya utnemnd til ein verdsarvstad av UNESCO.[5]

HistorieEndra

 
Bodhitreet der Gautama Buddha skal ha oppnådd opplysing

Bodh Gaya er rekna som den heilagaste staden i buddhismen.[6] På Buddha si tid blei staden kalla Uruwela. Han ligg ved breidda av elva Lilajan. Det fyrste tempelet på staden blei bygd av kong Asjoka.[7]

Etter tradisjonen blei Buddha fødd i år 563 f.Kr. som Siddhartha, og gav avkall på familien sin då han var 29 år gammal, i 534 f.Kr.[8][9] Han flakka omkring og mediterte på leiting etter sanning. Etter å ha praktisert sjølvmortifikasjon i seks år ved Urubela (Buddhagaya) i Gaya, gav han opp denne praksisen fordi han ikke ga han vimukthi. Så oppdaga han den edle åttefaldige vegen uten hjelp frå nokon og praktiserte denne, slik at han oppnådde buddhatva eller opplysing. Opplysing er ein tilstand der ein er heilt fri frå begjær (raga), hat (dosa) og vrangførestillingar (moha). Ved å oppnå opplysning går ein inn i nirvana, der siste fase er parinirvana.

Følgjarane til Gautama Siddhartha byrja å vitja staden ved fullmåne i månaden vaisakh (april–mai) etter hindukalenderen. Over tid blei staden kjend som Bodh Gaya, opplysingsdagen som Buddha purnima, og treet som Bodhi-treet.

Frå 1000- til 1200-talet var Bodh Gaya under styret til lokale høvdingar kjende som Pithipati av Bodh Gaya. Ein av desse herskarane, Acarya Buddhasena, er kjend for å ha gjeve ei gåve til srilankiske munkar i nærleiken av Mahabodhi-tempelet.[10]

Mahabodhi-tempeletEndra

 
Mahabodhitempelet, bygt under Gupta-styret på 500-talet.

Tempelkomplekset ligg rundt 110 kilometer unna Patna, på 24°41′43″N 84°59′38″E,[11] og omfattar Mahabodhi-tempelet med Vajrasana, eller 'diamant-trona' og det heilage bodhitreet. Dette treet var opphavleg eit avkom av Sri Maha Bodhi-treet på Sri Lanka, som ifølgje overleveringa skal ha spirt frå det opphavlege bodhitreet.

Rundt år 250 f.Kr., rundt 200 etter opplysinga til Buddha, vitja keisar Asoka Bodh Gaya for å skipa eit kloster og tempel på den heilage staden.[5]

Det finst framstillingar av dette tidlege tempelet i Sanchi, på stupa I-toraṇaene frå rundt 25 f.Kr., og eit relieff frå stuparekkverket ved Bhārhut, frå den tidlege Shungatida (ca. 185–ca. 73 BCE).[12]

Andre buddhisttempelEndra

 
Buddhistmunkar som mediterer i Bodh Gaya

Kittisirimegha frå Sri Lanka, ein samtidig av Samudragupta, fekk løyve av Samudragupta til å reisa ein sanghārāma eller eit buddhistkloster ved Mahabodhitempelet. Dette var hovudsakleg meint for singalesiske munkar som kom hit for å tilbe bodhitreet. Den kinesiske reisande munken Xuanzang gjev ei skildring av klosteret og opphavet til det. Det var truleg her at Buddhaghosa møtte Revata, som overtalte han til å koma til Sri Lanka.

Det er bygd fleire buddhisttempel og kloster i eit vidt området rundt Mahabodhitempelet av folk frå Bhutan, Mongolia, China, Japan, Korea, Cambodia, Laos, Myanmar, Nepal, Sikkim, Sri Lanka, Taiwan, Thailand, Tibet og Vietnam. Desse bygningane spegla den arkitektoniske stilen og interiørdesignet til dei respektive heimlanda deira. Buddhastatuen i det kinesiske tempelet er 200 år gammal, og blei frakta hit frå Kina. Det japanske Nippontempelet har form som ein pagode. Det burmesiske tempelet er også pagodeforma og kan minna om Bagan. Thaitempelet har eit typisk skrånande, kurva tak dekt med gylne taksteinar. Inni har det ein stor bronsestatue av Buddha. Ved sida av thaitempelet står ein buddhastatue på 25 meter i ein hage som har vore der over 100 år.

Sujata StupaEndra

Over Phalguelva står Sujata Stupa i landsbyen Bakraur. Denne stupaen er vigd budeia Sujata, som skal ha gjeve Gautama Buddha mjølk og ris då han sat under eit banyantre og avslutta dei sju åra sine med faste og askese, slik at han oppnådde opplysing gjennom middelvegen.[13][14][15] Stupaen blei bygd på 200-talet f.Kr., noko ein kan finna prov på gjennom det svarte polerte leirgodset og dei gjennomhola aahat-myntane i klosteret ved stupaen.[16]

Den store buddhastatuenEndra

Den store buddhastatuen i Bodhgaya er 25 meter høg, og er også kjend som 80-fotsstatuen. Han blei is in Bodhgaya. Statuen blei avduka og innvigd 18. november 1989. Den 14. Dalai Lama var til stades ved seremonien, og signa statuen. Dette var den fyrste store buddhastatuen bygd i India. Statuen er no eit symbol på Bodhgaya, og blir stadig vitja av pilgrimar frå heile verda.

 
Illustrasjon av eit tempel bygd rundt bodhitreet ved Bodhgaya av Asjoka den store. Skulptur frå Satavahana-tida ved Sanchi frå det fyrste hundreåret.

7. juli 2013, rundt 05:15, eksploderte ei bombe i det 2500 år gamle Mahabodhitempelkomplekset. Denne blei følgd av ni andre eksplosjonar. Alle hadde relativt låg intensitet, men to munkar blei skadde, ein tibetanar og ein burmesar. Eksplosjonane blei utførte av ein islamistisk terroristorganisasjon kalla Indian Mujahideen.[17][18] To andre bomber, ei av dei under 80-fots-buddhastatuen og den andre ved Karmapa-tempelet, blei uskadeleggjorte av politiet.[19][20]

1. juni 2018 blei fem mistenkte funne skuldige og dømt til fem år i fengsel ved ein domstol i Patna.[21]

FolkesetnadEndra

Ved folketeljinga i 2001[22] hadde Bodh Gaya eit folketal på 30 883. 54 % var menn og 46 % var kvinner. Bodh Gaya hadde ein lesekunnerate på 51 %, lågare enn det nasjonale snittet på 59,5 %; menn hadde ein lesekunnerate på 63 % og kvinner ein rate på 38 %. 8 % av innbyggjarane var under 6 år.

TransportEndra

  • Det går bussar drivne av turismeorganisasjonen BSTDC mellom Patna og Bodh Gaya via Rajgir.[23]
  • Det er introdusert ei teneste kalla Wonder on Wheel mellom Patna og Bodh Gaya av Bihar Tourism Department.[24]
  • Gaya lufthamn ligg 7 kilometer (4,3 mi) unna Bodh Gaya og rundt 10 kilometer (6,2 mi) frå Gaya Junction jernbanestasjon.
  • Bodhgaya har avgrensa bruken av autorickshawar, bilar og bussar for å gjera valfartsstaden meir fredeleg. Ein treng løyve for å køyra bilar og bussar her, og den einaste taxitenesta er ein elektrisk rickshaw som er nær lydlaus.

KjelderEndra

  1. Gopal, Madan (1991). K.S. Gautam, red. India through the ages. Publication Division, Ministry of Information and Broadcasting, Government of India. s. 176. 
  2. Kinnard, Jacob. «When Is The Buddha Not the Buddha? The Hindu/Buddhist Battle over Bodhgayā and Its Buddha Image». Journal of the American Academy of Religion: 817. ISSN 0002-7189. 
  3. Fogelin, Lars (2015). An Archaeological History of Indian Buddhism. Oxford University Press. s. 195. ISBN 9780199948239. 
  4. «Buddhist Pilgrimage». Asia. 
  5. 5,0 5,1 «Decisions adopted by the 26th Session of the World Heritage Committee» (PDF). World Heritage Committee. s. 62. Arkivert frå originalen (PDF) 28 February 2015. Henta 10 July 2006. 
  6. «Holy Sites of Buddhism: Bodh Gaya - Place of Enlightenment». buddhanet.net. Henta 14 December 2019. 
  7. «Mahabodhi Temple Complex at Bodh Gaya» (på engelsk). UNESCO World Heritage Centre. Henta 14 December 2019. 
  8. Barua, Sukomal (2012). «Buddha Purnima». I Islam, Sirajul; Jamal, Ahmed A. Banglapedia: National Encyclopedia of Bangladesh (Second utg.). Asiatic Society of Bangladesh. Arkivert frå originalen 8 May 2016. 
  9. «Spectrum | Sundayobserver.lk - Sri Lanka». Sundayobserver.lk. 22 April 2012. Arkivert frå originalen 13 October 2014. Henta 2 June 2014. 
  10. Balogh, Daniel (2021). Pithipati Puzzles: Custodians of the Diamond Throne. British Museum Research Publications. s. 40–58. ISBN 9780861592289. 
  11. «Information Dossier for nomination of Mahabodhi Temple Complex, Bodhgaya as a World Heritage Site». Government of India. s. 4. Arkivert frå originalen (PDF) 10 February 2009. Henta 10 July 2006. 
  12. "Sowing the Seeds of the Lotus: A Journey to the Great Pilgrimage Sites of Buddhism, Part I" by John C. Huntington.
  13. Prasoon, Shrikant (2007). Knowing Buddha : [life and teachings]. [Delhi]: Hindoology Books. ISBN 9788122309638. 
  14. Blasi, Abigail (2017). Lonely Planet India (på engelsk). Lonely Planet. ISBN 9781787011991. 
  15. Dwivedi, Sunita; Lama, Dalai (foreword) (2006). Buddhist heritage sites of India. New Delhi: Rupa & Co. ISBN 8129107384. 
  16. Geary, David; Sayers, Matthew R.; Amar, Abhishek Singh (2012). Cross-disciplinary Perspectives on a Contested Buddhist Site: Bodh Gaya Jataka (på engelsk). Routledge. s. 35–36. ISBN 9781136320675. 
  17. Tiwari, Deeptiman (6 November 2013). «Ranchi document helps NIA crack Bodh Gaya blast case». The Times of India. Henta 6 November 2013. 
  18. Gaikwad, Rahi; Yadav Anumeha; Pandey Devesh (7 November 2013). «Patna terror cell behind Bodh Gaya strike too: NIA». The Hindu (Patna, Ranchi, New Delhi). Henta 7 November 2013. 
  19. «Serial Blasts rock Mahabodhi temple in Bodha gaya: terror attack, Center says». The Times of India. 7 July 2013. Arkivert frå originalen 9 July 2013. Henta 7 July 2013. 
  20. «Nine blasts in Bodh Gaya, 2 injured». The Hindu. 7 July 2013. Arkivert frå originalen 10 July 2013. Henta 7 July 2013. 
  21. «Five sentenced to life imprisonment in Bodh Gaya serial blasts case». Headlines Today. Arkivert frå originalen 6 August 2018. Henta 2 June 2018. 
  22. «Census of India 2001: Data from the 2001 Census, including cities, villages and towns (Provisional)». Census Commission of India. Arkivert frå originalen 16 June 2004. Henta 1 November 2008. 
  23. «BSTDC halts AC Bus Services to Bodhgaya devoid of Passengers». Arkivert frå originalen 9 August 2013. Henta 31 August 2013. 
  24. «Bihar launches Tourist Caravan Service called Wonder on Wheel». The Biharprabha News. Arkivert frå originalen 1 May 2013. 

BibliografiEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Reiseguide for Bodh Gaya frå Wikivoyage