Boltwooditt er eit gult uranmineral som blir danna sekundært etter uraninitt. Det opptrer som monokline nåler og har kjemisk formel HK(UO2)(SiO4)·1.5(H2O). I Noreg er det kjent frå ein førekomst i Rygge i Østfold.

Boltwooditt

Nåleforma krystall av umbra-gul boltwooditt frå Namibia (storleik: 1,8 x 1,7 x 1,4 cm)
Generelt
KategoriUran-silikatmineral
Kjemisk formelHK(UO2)(SiO4)·1.5(H2O)
Strunz-klassifisering09.AK.15
KrystallsymmetriMonoklin sfenoidal H-M-symbol 2
Romgruppe: P 21
Einingscellea = 7,073(2) Å, b = 7,064(1) Å, c = 6.638(1) Å; β = 105,45°; Z = 2
Identifikasjon
Fargebleik gul, oransjegul
Krystallformlangstrekte krystallar, nålforma til trådaktig
KrystallsystemMonoklin
Kløyvperfekt på {010}, uperfekt på {001}
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala3,5-4
Glanssilkeaktig til glasaktig, matt eller jordaktig i samlingar
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt4,7
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (-)
Brytingsindeksnα = 1,668-1,670 nβ = 1,695-1,696 nγ = 1,698-1,703
Dobbeltbrytingδ = 0,030-0,033
PleokroismeSvak, X= fargelaus Y=Z= gul
Ultrafiolett fluorescensFluorescerer matt grøn i både kortbølgja og langbølgja UV-stråling
Andre eigenskaparRadioaktiv
Kjelder[1][2][3]

Det er kalla opp etter B.B. Boltwood frå USA.

Kjelder

endre
  1. Handbook of Mineralogy
  2. Mindat.org
  3. Webmineral data
  • «Boltwooditt». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 13. februar 2014. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Boltwooditt