Breaking Glass
Breaking Glass Singel av David Bowie frå albumet Stage | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | November 1978 | |
Innspelt | Anten Philadelphia 28.-29. april; Providence 5. mai eller Boston 6. mai 1978 | |
Sjanger | Rock/Elektronisk | |
Lengd | 3:28 | |
Selskap | RCA BOW 1 | |
Komponist | Hazel O'Connor | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie George Murray Dennis Davis | |
Produsent | Tony Visconti | |
David Bowie-kronologi | ||
«Beauty and the Beast» 1978 |
Breaking Glass | «Boys Keep Swinging» 1979
|
«Breaking Glass» er ein song av den engelske artisten David Bowie. Han vart skriven av Bowie, bassist George Murray og trommeslagar Dennis Davis. Songen vart opphavleg gjeven ut på albumet Low i 1977. Ein omarbeidd versjon vart spelt på 1978-turneen og eit konsertopptak frå turneen vart gjeven ut som singel for å promotere konsertalbumet Stage i 1978. EPen nådde 54. plass på den britiske singellista i desember 1978.
I USA vart songen «Star» vald ut som singel frå albumet (med «What in the World» og «Breaking Glass» som B-sider), men nådde ikkje lista. I Japan vart «Blackout» gjeven ut på singel.
«Breaking Glass» vart framført på turneane i 1978, 1983, 1995–1996, 2002 og 2003-2004.
Tekst
endreDen originale songen var kompromisslaus sjølv til Low å vere. Den fragmenterte teksten, var som fleire andre songar skriven under perioden Bowie budde i Berlin, sjølvgranskande på den mørke, narkotikafylte perioden då han budde i Amerika i 1976-1976. Teksten såg meir ut som ein paragraf enn ein song, og då han vart delt inn i frasar, gav han songen ein usamanhengande kjensle. Songen er òg merkverdig kort, med berre eitt vers og ei lengd på under to minutt.
Linjene «Don't look at the carpet; I drew something awful on it» syner til at Bowie teikna Livstreet på golvet i denne perioden, sidan han var interessert i Aleister Crowley og Kabbalah på denne tida.
Innhald
endre- «Breaking Glass» (Bowie, Davis, Murray) – 3:28
- «Art Decade» (Bowie) – 3:10
- «Ziggy Stardust» (Bowie) – 3:32
Medverkande
endre- Produsentar:
- Musikarar:
- David Bowie: vokal
- Carlos Alomar: sologitar
- Ricky Gardiner: rytmegitar
- George Murray: bass
- Dennis Davis: trommer
- Brian Eno: Minimoog synthesizer
Konsertversjonar
endre- Eit konsertopptak frå våren 1978 på Isolar II-turneen kom ut på Stage og singelen nemnt over. Dette konsertopptaket kom òg ut som B-sida til singelen «Star» i 1978. Eit opptak frå sommaren 1978 frå same turneen kom ut på Welcome to the Blackout, gjeve ut i 2018.
- Eit konsertopptak frå Serious Moonlight-turneen, filma 12. september 1983, kom med i konsertfilmen Serious Moonlight (1984) og konsertalbumet med same namn som var inkludert i plateboksen Loving the Alien (1983–1988) (2018). I 2019 vart dette gjeve ut som eit separat album.
- To separate konsertopptak av songen, framført under Outside-turneen i 1995-1996, kom ut på konsertalbuma Ouvre le Chien (Live Dallas 95) (2020) og No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95) (2020).
- Eit konsertopptak frå november 2003 vart spelt inn under A Reality Tour og kom ut på albumet A Reality Tour i 2010.
Andre utgjevingar
endre- Songen finst på samleplatene:
- Chameleon (Holland 1979)
- Best of Bowie (1980)
- Sound and Vision-boksen (1989)
- The Best of 1974/1979 (1998)
- The Platinum Collection (2005/2006) (studioversjonen)
- Han vart gjeven ut som biletplate i RCA Life Time-settet
- Ein lengre versjon av studioinnspelinga, opphavleg gjeven ut på singel i Australia, kom ut på digitalt format og CD for første gongen i 2017 på Re:Call 3, ein del av samlinga A New Career in a New Town (1977–1982).[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Breaking Glass» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5
- Wilcken, Hugo, Low, Continuum International Publishing Group Inc, 2005, ISBN 0-8264-1684-5
- ↑ «A NEW CAREER IN A NEW TOWN (1977 – 1982) - David Bowie Latest News». DavidBowie.com. 22. juli 2016. Arkivert frå originalen 29. juli 2014. Henta 14. august 2021.