Breivikelva
Breivikelva (òg kalla Storelva) er ei elv i Tromsø kommune i Troms. Ho vert danna ved samløpet av Bjørnskarelva og Storforselva og munnar ut i Ullsfjorden ved bygda Breivikeidet. Elva er 25,8 km lang (40,2 km medrekna Bjørnskarelva), og har eit nedbørfelt på 196,35 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er 10,57 m³/s.[1]
Breivikelva | |||
Storelva | |||
elv | |||
Breivikelva rundt 3 km frå munningen i Ullsfjorden
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Kommune | Tromsø | ||
Nedslagsfelt | 196,35 km² | ||
Sideelvar | Nakkelva, Tepphaugelva, Russevanka, Bjørnskarelva, Storforselva | ||
Lengd | 40,2 km | ||
Middelvassføring | 10,57 m³/s | ||
Kjelde | Samløp Bjørnskarelva og Storforselva | ||
Breivikelva 69°44′41″N 19°23′25″E / 69.74474°N 19.39019°E |
Breivikelvas fjernaste tilløp er Bjørnskarelva, som har utspring i Bjørnskaret i fjella austom Ramfjorden. Vanlegvis er det endå det andre hovudtilløpet, Storforselva, som har utspring i området austom Tromsdalstinden og dannar den 250 meter høge Storforsen, som vert rekna som kjelda til Breivikelva. Dei to elvene lauper saman rundt seks kilometer nordaust for Fagernes. Etter samløpet renn elva i nordaustlegg retning i eit sterkt meanderande løp med lite fall. Breivikelva har mange sideelvar, derav dei største er Tepphaugelva, Russevanka og Nakkelva. Elva munnar ut i Ullsfjorden gjennom eit 1,5 kilometer langt og opptil 400 meter breitt brakkvassdelta.[2] Sør for munningen ligg Sandbukta naturreservat.[3]
Fylkesveg 91 går parallelt med elva over heile strekninga, og rundt tre kilometer før munningen kryssast ho av Fylkesveg 51. Det ligg spreidd busetnad langs vassdraget, som elles er utan tekniske inngrep, med unntak av stedvis erosjonsvern i form av steinfyllingar langs elvebreidda i nedre del av elva.
Vassdraget vart i 1973 verna mot kraftutbygging i Verneplan I for vassdrag.[4]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «NVE Atlas». Norges vassdrags- og energidirektorat. Henta 12. april 2014.
- ↑ «Breivikelvas utløp i Ullsfjorden». Elvedeltadatabasen. Miljødirektoratet. Henta 13. april 2014.
- ↑ «Sandbukta». Naturbase. Miljødirektoratet. Henta 13. april 2014.
- ↑ «203/1 Breidvikelva». nve.no – Vann og vassdrag. NVE. 30. oktober 2013. Henta 13. april 2014.