Brother's Keeper
Brother's Keeper (BK) er eit slektsforskingsprogram for Windows gjeve ut av John Steed frå Michigan i USA. Programmet er omsett til norsk (bokmål og nynorsk) og fleire andre språk. Det kan ta inn og eksporterta innføringar i GEDCOM-formatet.
Brother's Keeper | |||
Utviklar | John Steed | ||
---|---|---|---|
Nyaste versjon | 7.5.13 (18. april 2023)[1] | ||
Operativsystem | Microsoft Windows | ||
Sjanger | Slektsgranskingsprogram | ||
Nettstad | https://www.bkwin.org/ |
BK er eitt av programma som DIS-Norge tilrår.[2] Nordiske representantar arbeider aktivt saman og utvekslar erfaringar knytte til Norden og Skandinavia. Dette tek dei opp med produsenten. Det finst dessutan ei nordisk e-postliste der brukarane kan ta opp tilhøve som ein lurer på. I tillegg brukar ein e-postlista[3] til informasjon om nye oppdateringar og liknande. Det finst ei fadderordning for programmet i nesten alle norske fylke. I tillegg blir det halde kurs i bruken.
Utanom den engelske manualen som følgjer programmet finst det også ein dansk manual.[4] Det er også gjeve ut fleire bøker, mellom anna Slektsgransking med dataveiledning[5], der bruken av Brother's Keeper er gjort greie for.
Fotnotar
endre- ↑ «Recent Changes in Brother's Keeper version 7.5 (American English». Henta 9. august 2023.
- ↑ DIS Norge: Slektsprogrammer
- ↑ Norsk epostliste for Brother's Keeper
- ↑ Sørensen, Chris Gade Oxholm. 2008. Brother's Keeper, dansk manual version 6.2. Oxholm. ISBN 87-983716-7-3
- ↑ Haakenstad, Liv Marit. 2004. Slektsgransking med dataveiledning, 2. utg. Orion. ISBN 82-458-0684-6