Brudekrone er eit hovudplagg bore av bruda eller, i visse tradisjonar, av både brud og brudgom i eit kristent bryllaup.

Kronebrud frå Bergen i Noreg, (truleg frå tida rundt hundreårsskiftet 1900.)
Brudekrone av forgylt messing sannsynlegvis frå Sollerön eller Mora på 1800-talet.
Brudekrone frå 1930-talet av Bo Stefan. Krona blei donert til Täby forsamling.
Brudekrona i domkyrkja i Lund laga av Wiwen Nilsson.

I vestleg kristendom

endre

I den vestlege, katolske kyrkja, oppstod brudekronetradisjonen gjennom at bruda i bryllaupsseremonien symbolsk blei likna med jomfru Maria, som ein kalla «himmeldronninga». Derfor byrja ein i mellomalderen å låna ut kroner som tilhøyrde mariastatuar i kyrkjene til bruder under bryllaupa. På mariaskulpturen understreka krona den symbolske rolla til Maria som dronning, men òg kyskleiken hennar, som gjorde at krona berre kunne nyttast ved det fyrste ekteskapet til bruder som var kyske. Å bryta denne regelen blei kalla for «kronebrot» og kunne føra til dryge bøter.

Ein kunne oppdaga brot om det var urimeleg kort tid gjekk mellom eit kronebryllaup og ein barnefødsel. Frå dette oppstod det soger om at pengane som blei inndregne frå kronebrot gjekk til å forgylla kronene. Dette skulle vera forklaringa på at så mange kroner med tida auka i vekt og var overdådig forgylte.

Austleg kristendom

endre

I den austlege ortodokse kyrkja eller greskkatolsk (bysantinsk) kristendom er «kroninga», der både brudgommen og bruda symbolsk blir krona, ein integrert del av bryllaupsseremonien. Det blir ikkje gjeve ekteskapsløfte eller sett på ringar uten tilhøyrande ritual, slik at kroninga er den viktigaste delen av eit ortodoks bryllaup. Symbolsk skal kroninga vise korleis mannen og kvinna blir gjort til konge og dronning i huskyrkja si, altså heimen sin, samtidig som Gud er konge i kyrkja si.

I Hellas blir kronene som oftast laga av blomar, og blir tekne med heim etter bryllaupet og lagra. I Russland derimot er dei laga i edelmetall for å likna verkelege kongekroner så mykje som mogleg. Desse kronene blir laga i kyrkja og blir nytta av alle par.

Historie i Norden

endre

I Sverige finst det ingen belegg på ein mellomaldersk brudekronetradisjon. Den eldste svenske brudekrona er ei madonnakrone frå byrjinga av 1500-talet som kan stamma frå Vadstena klosterkyrkje, men hamna fyrst etter reformasjonen i 1595 i Brahekyrkan på Visingsö der ho fungerte som brudekrone. Den eldste brudekrona laga særskilt for dette føremålet stammar frå Skepparslöv kyrkje og er laga av Hans gullsmed i Vä i 1597. Ho blei altså nytta i Danmark i samtida.[1] I Noreg byrja gullsmedar i Bergen å lage brudekroner på bestilling på slutten av 1500-talet.[2] Etter at adel og borgarskap hadde nytta kronene kom dei også i bruk blant bønder og vanlege folk, og bruken gjekk opp på 1600- og 1700-talet.[2]

Ei brudekrone frå Åker kyrkje i Småland stammar frå kring 1600. Fyrst på byrjinga av 1600-talet blei brudekroner vanlegare. Kyrkjeordninga frå 1571 gjeninnførte vart botsordninga for «otidigt sängelag» som ein tidlegare hadde hatt. Det blir ikkje sagt noko om brudekroner. Øyrebruartiklane frå 1617 omtalar derimot brudekroner og set reglar for bruken av dei. Hadde kvinna hatt samleie under trulovinga fekk ho ikkje bera krone, men berre ein krans med teckt hufwudh og hölt håår. Ei kvinne som blei avslørt ha begått lönske-läger og sidan trulova seg med ein annen mann, fekk bera enklare skrud, hovudklede med en flitter krantz. Hensikta var å prøva erstatta den eldre tradisjonen med truloving med den kyrkjelege vigselen. Det var likevel berre mot midten av 1600-talet at brudekroner byrja å bli vanlegare i svenske kyrkjer.[3]

Brudekrona blei eit ledd i Svenska kyrkan sin kamp for å styrka det kyrkjelege bryllaupet i høve til det sivile ekteskapet. Kyrkjeleg vigsel blei ikkje obligatorisk ved lov i Sverige og Finland før i 1734. Skikken heldt seg lenger i Noreg enn fleire andre land i Europa, og var særleg lenge i bruk blant bøndene.[2] På slutten av 1800-talet blei myrtekroner eit aukande alternativ til brudekronene i metall

 
Brudekrone i halm frå Husmodern.

I krigsåra 1943–1945 lét tidsskriftet Husmodern laga brudekroner i halm som blei sende til komande bruder i lesekrinsen. Det fyrste året delte bladet ut minst 500 halmbrudekroner til lesarane.[4]

På 1960- og 1970-tala blei hekla, nuperelle- og kniplingskroner ofte nytta som brudekroner.

Galleri

endre

Galleriet viser norske brudekroner i sølv frå samlingene i Norsk Folkemuseum.

Kjelder

endre
  1. Bröllopsseder i Sverige - en översikt, Nils-Arvid Bringeus. Artikel i Kulturens årsskrift 1993
  2. 2,0 2,1 2,2 «brudekrone» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. Brudkrona och brudkronesed, Helena Michon-Bordes. Artikel i Upplandsmuseets årsskrift 1963
  4. Eklund Nyström, Sigrid (2012). «Den glänste som av guld». I kärlekens spår. Fataburen, Nordiska museets och Skansens årsbok: 112–129. ISBN 978-91-7108-551-1. 

Bibliografi

endre
  • Barbro Hovstadius: Brudkronor i Linköpings stift. Nordiska museets handlingar; 87. 1976. ISBN 91-7108-121-6
  • Helena Michon-Bordes, "Brudkrona och brudkronesed. En studie med särskild hänsyn till Uppsala ärkestift." Årsboken Uppland 1964, s. 57-92.
  • Cecilia B. Dackenberg, redaktör: Krona oc h krans. Smycka till fest och bröllop. Tidskriften Hemslöjden, 2005. ISBN 91-972516-9-0
  • Nils Söderlind, "Svenska prästerskapet och folkliga bröllopsseder under 1600-talet". Kyrkohistorisk årsskrift 51.