Brunjernstein eller limonitt er ei naturleg blanding av vasshaldige jernoksid, ofte i amorf eller kryptokrystallinsk form, og dannar gjerne jordaktige eller tette massar med brun farge. Det er eit vanleg sekundærprodukt som oppstår ved forvitring og oksidasjon av jernhaldige mineral, eller det kan dannast ved uorganisk eller biogen utfelling i myrar og innsjøar, til dømes som myrmalm, eller i marine avsetningar. Den viktigaste bestanddelen er mineralet goethitt, FeOOH, men ofte inngår òg hematitt og lepidokrokitt (ei polymorf form av FeOOH), og dessutan ulike forureiningar og adsorbert vatn. Som bestanddel av såkalla minettemalm er det ein viktig jernmalm.

Brunjernstein

Generelt
KategoriAmorf, mineraloid
Kjemisk formelFeO(OH)·nH2O
Strunz-klassifiseringUklassifisert
Identifikasjon
FargeForskjellige variantar av brun og gul
KrystallformFinkorna samlingar, pulveraktig belegg
KløyvFinst ikkje
BrotUjamn
Mohs hardleiksskala4 - 5½
Glansjordaktig
StrekfargeGulbrun
TransparensUgjennomsiktig
Spesifikk vekt2.9 - 4.3
Tettleik2.7 - 4.3 g/cm3
Kjelder[1][2][3]
Myrmalm

Kjelder endre

  1. «Limonite mineral information and data.». Henta 16. oktober 2011. 
  2. «Mineral 1.0: Limonite». Arkivert frå originalen 21. februar 2019. Henta 16. oktober 2011. 
  3. «LIMONITE (Hydrated Iron Oxide)». Henta 16. oktober 2011. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Brunjernstein