Brunsidelo
Brunsidelo (Erythrogonys cinctus) er ein liten vadefugl og ein lett kjenneleg medlem av lofamilien. Brunsideloa er utbreidd over det meste av Det australske kontinentet med høveleg habitat, og på sørlegaste delen av Ny-Guinea. Ho søkjer føde ved ferskvatn og brakkvatn.
Brunsidelo | |
Brunsidelo Foto: Tom Tarrant
| |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Lofamilien Charadriidae |
Slekt: | Erythrogonys |
Art: | Brunsidelo E. cinctus |
Vitskapleg namn | |
Erythrogonys cinctus |
Skildring
endreBrunsideloa er ei lita lo på ca. 18 centimeter med gjennomsnittleg kroppssvekt på 50 gram. I flukt viser ho ein kvit bakkant på oversida av vengen inst mot kroppen, resten av oversida er sjokoladebrun. Halen har kvite ytre fjører med brun midtstripe. Hovudet er svart ned til et stykke under auga, strupen og kinna er kvit. Ho har ein svart krage og brystband som er utvida til ei brun stripe på kroppsidene. Buken og undergumpen er kvit. Nebbet er raudt med ein svart tupp.
Hekkeområdet er avgrensa til område med innsjøar og våtområde i Australia, i tørre periodar trekk dei ut mot kysten. Denne loa kan symje.
Dietten består av virvellause dyr som dei søkjer med nebbet på strender av innsjøar eller i små dammar ved kysten.
Storleiken på populasjonen er stabil og arten har status som livskraftig.[1]
Kjelder
endre- Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
Referansar
endre- ↑ BirdLife International (2013) Species factsheet: Erythrogonys cinctus Arkivert 2015-10-23 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 17. februar 2013
Bakgrunnsstoff
endre- Birds in Backyards Red-kneed Dotterel Arkivert 2013-02-28 ved Wayback Machine. Henta 17. februar 201