Bulgogi (hangul 불고기) er ein koreansk matrett som består av storfekjøt. Direkte omsett betyr ordet ‘mat laga over open flamme’.

Bulgogi

Historikk endre

Opphavet til bulgogi er usikkert. Under Joeson-dynastiet blei retten kalla for neobiani (너비아니)[1]

Tillaging endre

Kjøtet blir først marinert i ei blanding av soyasaus, sukker, sesamolje, kvitlauk og andre ingrediensar som vårlauk eller sopp. Nokre gongar supplerer ein med nudlar avhengig av kva for ein region i landet ein er i. Det marinerte kjøtet blir deretter grilla over glødande trekol. I koreanske heimar brukar ein ofte ein berbar gassgrill, som blir plassert midt på bordet slik at alle kan plukke kjøtet direkte frå grillen. Ellers blir bordet fylt med skåler med ulike sideretter (banchan), ris og ferske grønsaker og salatblad. Normalt sett et ein retten med spisepinnar.

Bulgogi er fyrst og fremst ein enkel måte å lage til kjøt på. Retten kan bli førebudd, også i større mengder om nødvendig, blant anna med marinering av kjøt. I Korea er det ikkje uvanleg at ein marinerer fleire kilo kjøt samtidig, slik at det rekkjer til fleire middagar.

Retten kan bli laga med ulike typar kjøt, som dak bulgogi laga med kylling eller dwaeji bulgogi laga med svinekjøt.

Utbreiing endre

Det finst ein egen fast-food bulgogi-hamburgar som vert seld mange stader.

Blant utlendingar er bulgogi og kimchi blant dei mest populære matrettene. Fordi mange ikkje likar den skarpe kimchi-smaken er bulgogi den koreanske matretten som flest utlendingar liker best.[2]

Falleri endre

Kjelder endre

  1. «Bulgogi (불고기)]». Doosan Encyclopedia (på koreansk). Arkivert frå originalen 2. februar 2009. Henta 21. oktober 2008. 
  2. Bulgogi, Hangeul top survey of things Korean[daud lenkje] The Korean Culture and Information Service (KOIS) Besøkt: 21. oktober 2008 (koreansk)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bulgogi