Byrds av The Byrds

Byrds
Studioalbum av The Byrds
Språk engelsk
Utgjeve 7. mars 1973
Innspelt 16. oktober – 15. november 1972
Studio Wally Heider's Studio 3 i Los Angeles
Sjanger Rock, countryrock
Lengd 34:54
Selskap Asylum
Produsent David Crosby
The Byrds-kronologi 
The Best of The Byrds: Greatest Hits, Volume II
(1972)
Byrds History of The Byrds
(1973)


Singlar frå Byrds
  1. «Full Circle»
    Utgjeve: 11. april 1973
  2. «Things Will Be Better»
    Utgjeve: 24. april 1973
  3. «Cowgirl in the Sand»
    Utgjeve: June 1973
  4. «Full Circle»
    Utgjeve: 8. august 1975

Byrds er det tolvte og siste studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og kom ut i mars 1973 på Asylum Records.[1] Albumet vart spelt inn av dei fem originale medlemmene i The Byrds som nettopp var blitt gjenforeint:Roger McGuinn, Gene Clark, David Crosby, Chris Hillman og Michael Clarke.[2] Den siste gongen alle fem medlemmene hadde arbeida i lag som The Byrds var i 1966, før Gene Clark forlet bandet.[3] Under gjenforeininga spelte framleis den nyare utgåva av The Byrds konsertar fram til februar 1973, med McGuinn som det einaste medlemmet i begge utgåvene.[4][5]

Albumet fekk generelt dårleg kritikk då det kom ut, og mange kritikarar peikte på mangelen på musikalsk samkjensle og mangelen på den klingande gitaren som hadde prega albuma deira då dei spelte i lag sist.[2][6] Likevel nådde albumet 20. plass på den amerikanske albumlista og 31. plass i Storbritannia.[7][8] I USA var dette den høgaste plasseringa dei hadde hatt med eit album sidan Turn! Turn! Turn! i 1965, som òg var det førre albumet der Clark var med heile vegen.[9] Tre av songane på albumet, «Full Circle», «Things Will Be Better» og «Cowgirl in the Sand» vart gjevne ut som singlar i 1973, men ingen av desse gjorde det særleg bra.[1][10]

Innhald

endre
Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Full Circle» (Gene Clark)2:43
2.«Sweet Mary» (Roger McGuinn, Jacques Levy)2:55
3.«Changing Heart» (Gene Clark)2:42
4.«For Free» (Joni Mitchell)3:50
5.«Born to Rock 'n' Roll» (Roger McGuinn)3:12
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Things Will Be Better» (Chris Hillman, Dallas Taylor)2:13
7.«Cowgirl in the Sand» (Neil Young)3:24
8.«Long Live the King» (David Crosby)2:17
9.«Borrowing Time» (Chris Hillman, Joe Lala)2:00
10.«Laughing» (David Crosby)5:38
11.«(See the Sky) About to Rain» (Neil Young)3:49
Bonusspor på 2014-utgåva
Nr.TittelLengd
12.«She's the Kind of Girl» (Gene Clark)3:00
13.«One in a Hundred» (Gene Clark)2:45

Medverkande

endre
The Byrds
Andre medverkande

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 542–547. ISBN 0-95295-401-X. 
  2. 2,0 2,1 «Byrds album review». Allmusic. Henta 19. oktober 2010. 
  3. Sippel, John. (29. juli 1972), «Byrds To Cut An Album For Asylum», Billboard (Los Angeles) 
  4. Fricke, David (2000). Plateomslagstekst for Farther Along av The Byrds [CD booklet]. Columbia/Legacy.
  5. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 293. ISBN 1-90600-215-0. 
  6. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 349–353. ISBN 0-95295-401-X. 
  7. Whitburn, Joel. (2002). Top Pop Albums 1955-2001. Record Research Inc. s. 122. ISBN 0-89820-147-0. 
  8. Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8. 
  9. «Byrds». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 19. oktober 2010. 
  10. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 316–321. ISBN 1-90600-215-0.