Wilton Felder
Wilton Lewis Felder (fødd 31. august 1940 i Houston i Texas)[1] er ein amerikansk saksofonist og bassist, mest kjend som eit av medlemmane som starta The Jazz Crusaders, seinare kjend som The Crusaders. Felder, Wayne Henderson, Joe Sample og Stix Hooper starta gruppa då dei gjekk på skulen i Houston. The Jazz Crusaders utvikla seg frå ein rein jazzcombo til eit banebrytande jazz-rock-band, med innslag av soul. Felder arbeidde me gruppa i over tretti år.
Wilton Felder | |||
| |||
Fødd | 31. august 1940 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Houston | ||
Død | 27. september 2015 (75 år) | ||
Dødsstad | Whittier | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1959–2015, 2015 | ||
Sjanger | jazz, jazzfunk | ||
Instrument | bassgitar, saksofon, gitar, trombone | ||
Verka som | jazzmusikar, bassist, saksofonist |
Felder spelte òg ein del som studiomusikarar, hovudsakleg då som bassist, for mange artistar. Han var ein av dei tre faste bassistane til Motown Records, då selskapet byrja å spele inn musikk i Los Angeles tidleg i 1970-åra. Han spelte på innspelingar med Jackson 5 som «I Want You Back» og «The Love You Save», for Marvin Gaye og Grant Green. Han spelte òg bass for softrockgrupper som America og Seals and Crofts. I tillegg har han spelt på John Cale-albumet Paris 1919 og Billy Joel-albuma Piano Man og Streetlife Serenade. Han var ein av tre bassistar på Randy Newman sitt Sail Away (1972) og Joan Baez sitt Diamonds & Rust. Felder spelte òg med Joni Mitchell og Michael Franks.
Han gav ut eit soloalbum, Secrets, med Bobby Womack på vokal, som nådde 77. plassen på UK Albums Chart i 1985.[2] Albumet inneheld den vesle hitten «(No Matter How High I Get) I'll Still be Looking Up to You» sungen av Womack og Alltrinna Grayson.
Diskografi
endreSolo
- We All Have A Star (MCA, 1978)
- Inherit The Wind (MCA, 1980)
- Secrets (1983)
- Love Is A Rush (1987)
- Forever, Always (PAR, 1992)
Med John Cale
- Paris 1919 (Reprise, 1972)
Med Dizzy Gillespie
- Free Ride (Pablo, 1977) komponert og arrangert av Lalo Schifrin
- Welcome Home (World Pacific Jazz, 1968)
Med Milt Jackson
- Memphis Jackson (Impulse!, 1969)
Med Shuggie Otis
- Here Comes Shuggie Otis (Epic, 1970)
- Freedom Flight (Epic, 1971)
Med Grant Green
- Shades of Green (Blue Note, 1971)
Med John Klemmer
- Constant Throb (Impulse!, 1971)
- Waterfalls (Impulse!, 1972)
- Magic and Movement (Impulse!, 1974)
Med Charles Kynard
- Reelin' with the Feelin' (Prestige, 1969)
Med Joni Mitchell
- For the Roses (Asylum, 1972)
- Court and Spark (Asylum, 1974)
- The Hissing of Summer Lawns (Asylum, 1975)
Med Jimmy Smith
- Root Down (Verve, 1972)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wilton Felder» frå Wikipedia på engelsk, den 28. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ IMDb.com
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19. utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 197. ISBN 1-904994-10-5.
Bakgrunnsstoff
endre- Allmusic Arkivert 2008-10-22 ved Wayback Machine.
- Artikkel[daud lenkje]