Cowgirl in the Sand

«Cowgirl in the Sand»
Song av Neil Young
frå albumet Everybody Knows This is Nowhere
Utgjeve 14. mai 1969
Innspelt 1969
Sjanger Rock
Lengd 10:06
Selskap Reprise
Tekstforfattar Neil Young
Låtskrivar(ar) Neil Young
Produsent Neil Young
David Briggs

«Cowgirl in the Sand» er ein song av Neil Young. Han kom ut i 1969 i lag med Crazy HorseEverybody Knows This Is Nowhere. Songen er ein annan av dei mest kjende til Neil Young òg har stått på repertoaret hans sidan han vart laga. Songen er bygd kring ein enkel moll til dur akkordprogressjon, likande «Down by the River» og er eit flott grunnlag for Young sine langvarige gitarsoloar.[1] Tekstmessig omhandlar ei promiskuøs og kanskje uoppnåeleg jente, og kjensla om sakn og lengsel er følbar. Songen vert rekna som ein klassikar.[1].

Hello cowgirl in the sand
Is this place at your command

Neil Young (1969)

Medverkande

endre

Andre framføringar

endre

Det finst ei 16 minuttar lang konstertutgåve av songen på Live at the Fillmore East med Crazy Horse. Songen finst òg på Decade, Time Fades Away og Greatest Hits. Ei kortare, akustisk utgåve finst på konsertalbumet til Crosby, Stills, Nash & Young, Four Way Street frå 1971 og ei annan konsertutgåve finst på Live at Massey Hall 1971.

The Byrds spelte songen på det siste albumet deira, Byrds i 1973.

Kjelder

endre