«Farther Along» er ein Southern gospel-song publisert av Stamps-Baxter Music Company.

Historie endre

Teksten til songen vart skriven i 1911 av presten W. A. Fletcher, ein omvandrande predikant, då han reiste til Indian Territories med tog.[treng kjelde] Fletcher var lei sg fordi kona hans Catherine Louise Emmett Fletcher frå Cleburne i Texas, venta det første barnet deira i løpet av få veker, og han kom ikkje til å få høve til å vere der under fødselen. Han følte at han måtte prioritere embetet sitt i Indian Territories og skreiv teksten om korleis han kjende seg på den tida.[treng kjelde] Ved sidan av han ppå toget sat J.R. Baxter, ein gospelmusikar som vart gripen av teksten og tilbaud han to dollar for dei. Baxter fekk så sett musikk til songen og han vart ein populær gospelsong.

Opphavsretten til songen vart registrert i 1937 som ein del av Starlit Crown-samlinga,[1] og fornya i 1965. Han vert ofte feilaktig omtalt som ei folkevise eller for å vere i offentleg eige

Kjende innspelingar endre

«Farther Along» har blitt spelt av mange artistar gjennom åra. [2] mellom andre av The Flying Burrito Brothers, som spelte inn songen i 1970 på albumet Burrito Deluxe,[3] The Byrds, som spelte han som tittelsporet på albumet deira Farther Along i 1971,[4] og Ike Turner, som skreiv om songen som «Father Alone» og spelte songen solo på Ike & Tina Turner-albumet The Gospel According To Ike & Tina (1974).[5] For dette vart han nominert til ein Grammy.[6]

Kjelder endre

  1. Mark Roncace, Patrick Gray (2005). Teaching the Bible. Society of Biblical Literature. s. 231. ISBN 1-58983-171-3. 
  2. «Farther Along - List of Cover Versions». Allmusic. Arkivert frå originalen November 8, 2009. Henta 5. desember 2016. 
  3. «Burrito Deluxe review». Allmusic. Henta 5. desember 2016. 
  4. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 330. ISBN 0-9529540-1-X. 
  5. The Gospel According To Ike & Tina. Allmusic. Henta 5. desember 2016.
  6. Grammy Awards 1975. awardsandshows.com. Henta 5. desember 2016.

Bakgrunnsstoff endre

 

Originaltekst av Farther Along ved Wikisource.