CITES (forkorting for Convention on International Trade of Endangered Species), òg kalla Washingtonkonvensjonen, er ein multilateral internasjonal avtale mellom land for å kontrollera handel med ville dyr og plantar. Føremålet med avtala er ein berekraftig handel – det vil seia at ein ikkje fjernar meir frå bestandane av dyr og plantar enn dei toler.

Land som er med i konvensjonen. Grønland er dekka gjennom Danmark.

Konvensjonen tredde i kraft i 1975. I februar 2014 hadde 180 land ratifisert konvensjonen,[1] med Irak som det siste.[2] I Noreg har konvensjonen vore gjeldande sidan 25. oktober 1976. Miljødirektoratet er forvaltingsstyresmakt og vitskapleg styresmakt for CITES i Noreg.[3]

Artslister endre

Omkring 4 800 dyreartar og 25 000 planteartar er omfatta av konvensjonen. Rundt 600 av dei er så sterkt truga at all handel med dei i praksis er forbode (CITES Appendix I). For dei øvrige er internasjonal handel anten avgrensa (CITES Appendix II) eller det finst krav om spesielle løyve for inn- og utførsel (CITES Appendix III). Forbod og reguleringer gjeld både levande og daude eksemplar, såvel som delar av organismar og produkt som skinn, fjør, tenner med meir.

CITES Appendix I

Appendix I omfattar dei mest truga artane, og handel med desse er i praksis stort sett forbode. Nesten 500 arter vert omfatta av denne lista.

CITES Appendix II

Appendix II omfattar truga arter der den internasjonale handelen må avgrensast for å sikre overlevinga deira. Over 2 500 dyrearter er omfatta av denne lista, dei fleste av dei rovfuglar. Over 25 000 plantearter er omfatta av lista, blant anna alle orkidé-arter.

CITES Appendix III

Appendix III krev at det følgjer med eit opphavssertifikat eller eksportløyve ved innførsel. Ca 250 arter står på denne lista.

Reservasjonar endre

Land som har underskrive konvensjonen kan reservera seg mot vernet av ein viss art.[4]

Norske reservasjonar endre

Det er spesielt for marine artar av kommersiell interesse at Noreg har gjort reservasjonar mot oppføring på CITES-listene. Reservasjonane er vanlegvis eit uttrykk for at Noreg reknar artane som så talrike at dei ikkje oppfyller dei kriteria som er sett fast av CITES for listing.

CITES Appendix I

  • Spermkval (Physeter catodon)
  • Vågekval (Balaenoptera acutorostrata) Unntaket gjeld populasjonen vest for Grønland
  • Sørleg vågekval (Balaenoptera bonaerensis)
  • Seikval (Alaenoptera borealis) Reservasjonen gjeld ikkje for populasjonane i det nordlege Stillehavet og i område frå 0 til 70 grader austleg lengdgrad, og frå ekvator til Antarktis.
  • Finnkval (Balaenoptera physalus) Reservasjonen gjeld for populasjonane i Nordatlanteren ved Island, Nordatlanteren ved Newfoundland og i område frå 40 grader sørleg breiddegrad til Antarktis og frå 120 til 60 grader vestleg lengdegrad.

CITES Appendix II

CITES Appendix III

Appendix III

  • Ingen norske reservasjonar eksisterer

Kjelder endre

  1. « Member countries», cites.org
  2. «The 180th Party: Iraq», cites.org
  3. «Handel med trua arter (CITES)», miljødirektoratet.no
  4. «Reservations», cites.org

Bakgrunnsstoff endre