Spermkval
Spermkval | ||
Spermkval | ||
Systematikk | ||
Domene: | Eukaryota | |
Rike: | Dyr | |
Rekkje: | Ryggstrengdyr | |
Underrekkje: | Virveldyr | |
Klasse: | Pattedyr | |
Orden: | Kvalar | |
Underorden: | Tannkvalar | |
Familie: | Spermkvalfamilien | |
Slekt: | Physeter | |
Art: | P. catodon | |
Vitskapleg namn | ||
Physeter catodon |
Spermkval eller trollkval, Physeter catodon eller Physeter macrocephalus, er ein tannkval i spermkvalfamilien. Han blir opp til 18 meter lang. Spermkvalen finst i så godt som alle verdshava, frå Ekvator til Arktis og Antarktis, helst i ope hav eller ved kontinentalsokkelen. Han var utsett for industriell kvalfangst på 1900-talet, men det vart òg driven omfattande fangst allereie før granatharpunen si tid, tilbake til 1712. Rundt 1950 nådde fangsten høgda, då det vart fanga opp til 25 000 dyr i året. Den kommersielle fangsten tok slutt i 1988. Etter dette har det blitt drive fangst i liten skala frå opne båtar i Indonesia. Den globale bestanden er høgst usikker, men iallfall over 100 000 individ.[1] Spermkval kjem innom norske farvatn på næringsvandringar om sommaren.[2]