Californialaurbær

Californialaurbær (Umbellularia californica) er eit eviggrønt lauvtre i laurbærfamilien som veks i vestlege Nord-Amerika. Det er den einaste arten i slekta Umbellularia.

Californialaurbær
Californialaurbær
Californialaurbær
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Californialaurbær
Utbreiinga av Californialaurbær
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Laurales
Familie: Laurbærfamilien Lauraceae
Slekt: Umbellularia
Art: Californialaurbær U. californica
Vitskapleg namn
Umbellularia californica

Skildring

endre

I det meste av utbreiingsområdet blir planten 12–24 m høg med ein stammediameter på 46–76 cm. På gode stader i nord blir han opptil 30 m høg med ein stammediameter på 91–183 cm. Rekorden er ei høgd på 53,3 m og stammediameter 404 cm. Om vekstforholda er dårlege, til dømes i chaparral, veks californialaurbær som ein busk, og nært havet kan han ha krypande vekst.[1]

Krona er høgt kuppelforma med mange vertikale greiner. Borken er mørkegrå og glatt på unge tre men oppsprukken på eldre. Blada er lansettforma, heile og lysegrøne på begge sider. Om ein gnir dei luktar blada sterkt, og lukta kan gje hovudpine. Blomane er tvikjønna og sit 5–10 saman. Frukta er ei steinfrukt som er 2 cm eller meir i diameter.[2][3]

Økologi

endre

Californialaurbær veks i fleire ulike klimatypar, men er avhengig av noko fukt i jorda. Planten finst sjeldan i reine bestandar. Dei vanlegaste trea han veks saman med er lawsonsypress, redwood, douglasgran, Notholithocarpus densiflorus, madrona, oregoneik, Quercus chrysolepis og Quercus agrifolia.[1]

Vanlege buskar er søtmispel, Arctostaphylos, Berberis, Ceanothus, einer, Morella californica, Myrica hartwegii, Quercus sadleriana og andre eikeartar, Rhamnus, Rhododendron, Ribes, nutkabjørnebær, prydbringebær og andre Rubus-artar, Toxicodendron diversilobum, klaseberglyng, snøbær, asalspirea og Vaccinium. Urter omfattar mellom anna amerikatrollbær, bjønnkam, bittergrøn, maure, iris, siv, linnea, einstape, vikke og fiol.[1]

Arten er utbreidd frå Douglas County i Oregon til San Diego County lengst sør i California. I Oregon og det meste av California finst californialaurbær frå havnivå opp til 1220 moh. I Sør-California finst han ikkje lågare enn 610 moh., og her går han opp til 1520 moh.[1]

Det oppstår regelmessige naturlege skogbrannar i dei fleste økosystema der californialaurbær veks. Den tynne borken gjev lite vern mot elden, som drep frøplantar og øydelegg toppen på unge og fullvaksne tre. Rothalsen er fortjukka til ein såkalla lignotuber. Fire til seks veker etter brann om seinvinteren og våren sprett det nye skot frå lignotuberen. Reproduksjonsevna kjem raskt tilbake, og ein har funne blomar på skota det fyrste året etter brann.[4]

Trevirket blir kalla myrtlewood og blir brukt til finare snikkararbeid. Det har ofte eit vakkert mønster. Kåtene blir brukte til treskjering. Blada blir av og til brukte som krydder, men har ein mykje sterkare smak enn blad frå laurbærtreet som er kjent frå middelhavslanda.[1]

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 W.L. Stein. «California-Laurel». Henta 14. mai 2017. 
  2. A. Mitchell (1977). Trær i skog og hage. Oversatt av I. Gjærevoll. Tiden. s. 268–269. ISBN 82-10-01282-7. 
  3. «Umbellularia californica». Flora of North America. Henta 14. mai 2017. 
  4. J.L. Howard. «Umbellularia californica». Fire Effects Information System, U.S. Department of Agriculture. Henta 14. mai 2017. 

Bakgrunnsstoff

endre