Calling All Girls

Calling All Girls
Singel av Queen
frå albumet Hot Space
B-side

Put Out The Fire

Språk engelsk
Utgjeve 19. juli 1982 (Canada, USA)
Innspelt 1981 – 1982
Sjanger
Lengd 3:50
Selskap Elektra
Komponist Roger Taylor
Tekstforfattar Roger Taylor
Låtskrivar(ar) Roger Taylor
Produsent Queen og Reinhold Mack
Queen-kronologi 
«Las Palabras de Amor»
(1982)
Calling All Girls «Staying Power»
(1982)


«Calling All Girls» er ein song av det britiske rockebandet Queen, gjeve ut på albumet Hot Space i 1982. Han var skriven av Roger Taylor og var den fjerde singelen frå albumet. Singelen kom ut sommaren 1982 i USA, Canada og Polen, og nådde høvesvis 60., 5. og 6. plassen på salslistene der.

«Calling All Girls» var den første songen til Roger Taylor som vart gjeven ut på singel, men berre i somme land og ikkje i Storbritannia. Taylor skreiv songen på gitar, og spelte feedback-støy i mellomspelet.

Songen vart aldri framført i Europa, men eit konsertoptak frå 1982 i Japan finst på DVDen Queen on Fire - Live at the Bowl.

Musikkvideo endre

Videoen er ein parodi av George Lucas-filmen THX 1138, og vart sjeldan sett før Greatest Video Hits 2 kom ut. Både Taylor og Brian May har uttrykt sterk misnøye mot videoen, og Taylor hevda at meldinga i songen ikkje hadde noko med robotane i videoen å gjere.

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Prato, Greg. «Hot Space Review». Allmusic. Henta 19. juli 2016. 

Bakgrunnsstoff endre