Las Palabras de Amor

Las Palabras de Amor (The Words of Love)
Singel av Queen
frå albumet Hot Space
B-side

Cool Cat

Utgjeve 1. juni 1982
Innspelt 1981 – 1982
Sjanger rock
Lengd 4:29
Selskap EMI
Komponist Brian May
Tekstforfattar Brian May
Låtskrivar(ar) Brian May
Produsent Queen og Reinhold Mack
Queen-kronologi 
«Body Language»
(1982)
Las Palabras de Amor (The Words of Love) «Calling All Girls»
(1982)


«Las Palabras de Amor (The Words of Love)» er ein rockeballade av det britiske rockebandet Queen. Han vart gjeven ut som den tredje singelen frå albumet Hot Space i 1982. Songen var skriven av gitaristen Brian May og var langt meir populær i Storbritannia enn den førre singelen deira («Body Language»), med ein 17. plass på UK Singles Chart.[1]

Bakgrunn endre

Teksten vart skriven av gitaristen Brian May[2] og sungen av Freddie Mercury med May på lys harmonivokal. Songen var inspirert av det nære forholdet mellom bandet og fansen deira i Latin-Amerika. Songen gav dei speletid på Top of the Pops og det var siste gongen spelte i programmet. Under framføringa mima May føre eit flygel, sjølv om det ikkje er piano på songen, berre synthesizer.

Under the Freddie Mercury Tribute ConcertWembley Stadium i 1992 var dette den tredje songen i den andre halvdelen, framført av Zucchero og Queen.[3] Under Queen + Paul Rodgers Rock The Cosmos-turneen i 2008 vart songen spelt i spansktalande land, sungen av May.

Songen finst på Greatest Hits III.[2]

Musikalartisten Elaine Paige spelte inn songen for albumet The Queen Album i 1988.[4]

Medverkande endre

Lister endre

Land Plassering
Storbritannia 17
Tyskland 68
Irland 10
Polen 1
Sveits 13
Nederland 26

Kjelder endre

  1. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness rekordbok Limited
  2. 2,0 2,1 Palabras De Amor Las Palabras De Amor (The Words Of Love) Ultimate Queen. Henta 5. juli 2011
  3. The Freddie Mercury Tribute Concert: Las Palabras De Amor (The Words Of Love) Ultimate Queen. Henta 5. juli 2011
  4. «The Queen Album». AllMusic. Henta 6. september 2015. 

Bakgrunnsstoff endre