Candy Man av Fred Neil

Candy Man
Singel av Roy Orbison
A-side

«Crying»

Utgjeve Juli 1961
Innspelt 1961
Sjanger Poprock
Lengd 2:43
Selskap Monument 447
Låtskrivar(ar) Beverly Ross, Fred Neil
Produsent Fred Foster
Roy Orbison-kronologi 
«Running Scared»
(1961)
Candy Man «Dream Baby (How Long Must I Dream)»
(1962)


«Candy Man» er ein song skriven av Bevery Ross og Fred Neil.

Roy Orbison spelte inn songen og gav han ut på singel, som B-sida til «Crying». Songen skil seg frå mange andre songar som Orbison spelte ved at han er ein bluesrock-song. Songen opnar med eit fallande gitar- og munnspel riff, som minnar om Chuck Berry sin «Memphis, Tennessee». Det meste av songen er ein mellomrask bluesrocksong med eit hint av pop. Teksten er òg meir positiv enn dei vanlege tekstane om knust hjarte.[1]

Fred Neil vart meir kjend seinare i 1960-åra som visesongar, men var nesten ukjend då Orbison spelte inn songen hans. Neil spelte sjølv inn songen på debutalbumet sitt i 1965, Bleecker & MacDougal.

Andre artistar som spelte inn songen var Rodney Crowell, Dion & the Belmonts, the Hollies, Mickey Gilly, Bobby Vee, The Ventures, Holly Gollyghtly, Wanda Jackson, Alex Campbell og The Tremeloes

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre